Instagram

mandag 10. februar 2014

NORTIND spesial: #Omegahøgtrykk med møggl


I mangel på snøbør i fokksnøbygda blei snøkjennskap og skredredningskurset flytta til partybygda. Eit særs merkelig værfenomen har ført til møggl på østlandet.. (som også kan være ein ingrediens til god stemning på feil sie av fjellet).
I nortindklasserommet blei det eit intensivt djupdykk i snøens og skredproblemets verden denne veka. Og sjølsagt litt skileik innimellom :)








Siste dag på kurset var det stor skredøvelse.



Etter snø og redningskurset blei det klasseromsbytte. Tempoet blei senka, lanskapet flatare og ranselen pakka med tørka mat og sovepose. Nedoverskia og skiteppa blei bytta med bortoverski og festesmurning. 



Snøhole er undervurdert av dei fleste. Kjapt og enkelt å lage, samtidig som det er behagelig og trygt å sove i. Forbeholdt at ein kan nokre triks! Endre var likevel noko skeptisk tydeligvis. Etter berre ein time søvn starta han å drøyme at snøhola kollapsa. Med eit godt kalibrert overlevelsesinstinkt sklei han (i søvne) som ei åme ned fra brisken og ut gjennom den halvmeter høge snøholeåpninga før han våkna. 


Til info var det like mykje takhøgde morgonen etter som kvelden før ;)

2 kommentarer:

  1. Heisann,
    Hvor grov dere denne snøhola? På veg opp til Høgehaug, til venstre i bratthenget etter skiltet til Fagereggje?

    Martin

    SvarSlett
    Svar
    1. nope, da er du i feil område. Vi var på tur på Filefjell denne gongen :)

      Slett