Instagram

torsdag 29. august 2013

holter-næss ruta


På tur: Frank-Jakob Sandbakk og meg
Eller Nordøsteggen fra Skagastølsbreen som ruta heite i føraren. For snart 80 år sia gikk Erik Holter og Arne Næss sen. den 16tl. lange ruta på Søre Dyrehaugstind for første gang. Skal sei kara hadde bein i nasa! Her er litt bilder frå min og Frank-Jakob sin tur opp.








torsdag 22. august 2013

falketinds berømte pionerrute


"Åja.. Aha! Der er bandet ja.. E litt motbakke derifrå til toppen av Storen ja. Og Dyrehaugstind ekje høgare en det der nei.. Javel.. Maradalsbreen ser f**** så bratt ut.."
Skal sei man får fin utsikt frå vegen opp til Falketind (med alle avstikkarane for fotograferering). I løpet av turen fant vi også ut at det er fullt mulig å gå pionerruta uten bruk av hendene :-) Artig tur!!






fredag 16. august 2013

pedagogisk fjellings


Artig med fjellføringslivet!
Siste vekene har det blitt tilbrakt mykje tid i fjellet. Blant anna er det første Nortindkurset overstått, deretter har eg holdt to fjellklatrekurs på Lom og i Hurrungane. Det eine i knallfint vær med Roald Lande, Øyvind Salvesen og Kris Tveiten. Det andre i pedagogisk vær med Lars Mjaavatn. Etter dette blei det ei veke som brefører på andre sia av fjellet ved Gjendebu for Breoppleving. No er det på tide å jobbe med masterprosjektet og klatre litt sport igjen! :)




Kurs 2
Gjendebu

mandag 12. august 2013

skagastølsrisset og skagastølsryggen


På tur: Frank-Jakob Sandbakk og meg
Mellom fjellføringsvekene har eg heldigvis fått til ein dag eller to til eigne tura :)
Frank-Jakob var ein av dei første som tok meg med på fjellklatretura i Stryn. På den tia var eg so nybegynner som det går an å bli, men lede på Karifjellet skulle eg. Året før første turen med FJ hadde eg fått leda eit par lengde på Romsdalshorn med ICO Statistics. So å lede ei lengde på Karifjellet skulle vel ikkje være nokon stor sak. Det var nok ikkje den største overraskelsen at dette tok sinnsjukt lang tid, samtidig som alle sikringane eg "satt" sklei på tauet ned til FJ. Trur han var nokså oppgitt og skeptisk der nede på standplass.. Meina å hugse eg brukte ein veldig drøy time på å sette standplass med både fire og fem (og kanskje seks) kila som var utligna på eit snodig vis. Eg hadde vel eigentlig gløymt kva eg hadde lært året før, og samtidig fortrengt ein nokså kald opplevelse på Hornet :) I det FJ kom etter, var det ikkje vanskelig å sjå at han ikkje var heilt fornøgd med min prestasjon. Det var vel ein grunn til at FJ leda stødig opp dei siste taulengdene :)



På vei opp til Skagastølsrisset for eit par veke sidan vart det litt mimring om disse gamle turane. Begge i god tru om at det skulle gå raskare no enn for ti år sia :) I tillegg måtte eg være nede ved bilen kl 1700 for å komme meg på jobb. Vi hadde ikkje tid til somling.
På vei opp til innsteget fikk vi allereie første utfordring. Vi hadde lagt igjen stegjern og øks i bilen for å spare vekt. Vi visste at det var lite snø, og det meste av anmarsjen kunne gåast på tørt fjell. Det var altså relativt små snøfelt som skulle kryssast. Vi satsa på mjuk snø! Dessverre var snøen knallhard... Den lite kjente og mykje brukte bremsesteinmetoden med uthogging av trappetrinn måtte takast ibruk.. Tragedien på samme fjellet dagen før gjorde ikkje psyken bedre, og eg har nok aldri vore so forsiktig på eit snøfelt før! Vel oppe på innsteget kunne vi juble! Ikkje fordi vi hadde overlevd snøflankane, men fordi Skagastølsrisset var tørt. Det er ikkje ofte så gode forhold på denne ruta, så vi måtte feire. FJ hadde teke med ein pose Giflar (mini kanelsnurrar) som kom godt med. Tauet blei kveila rundt to joikapinna som team wang og salvesen hadde satt igjen frå dagen før. Så var klatringa igang. Klatinga var kjempefin og på relativt fast fjell (bortsett fra på grushyllene). På tross av litt utfordrande anmarsj og eit par små rutevalgsfeil mot høgre, gikk klatringa og returen radikt. Vi rakk tilogmed ned igjen til Turtagrø i tide :)



Skagastølsryggen
På tur: Sander Buene og meg
Ei veke etterpå var det ny fridag, og ny tur med Sander. Også her var det tidsfrist til 1700 for å rekke jobb, men det blei ikkje noko rekord av det :-) NilsN si tid blir nok ståande ei stund trur eg. Vi var vel kanskje rundt Midtre Skagastølstind i det han ville jogga inn på Turtagrø. Solid rekord det! :) Dessverre blei det ikkje som mange utkikksbilde frå denne turen..