Instagram

mandag 27. mai 2013

søndagstur på mongejura!

På tur: Endre Vonheim og eg
Tjohoi! Enda ei helg med gode værmeldinga :-) No va det Sydpillaren på Mongejura sin tur! Dette går for å være ei av dei flottaste storveggsrutene i Norge (24 taulengder, grad 6). Planen var å klatre ruta på Laurdagen, men skydekket låg lavt heile Fredagskvelden. Storveggen fikk dermed vente til dagen derpå.. Lørdagen blei dermed gjort om til aktiv kviledag med ein tur på Desserten og Kalle Kamin (Hornaksla), etterfulgt av en kveldstur til Veblungsnes med kjentmann Odd Tokle Sæbø. Sportsklatrepumpen var som fortjent etter ein 30m lang 7b på blikk  :-)


Søndagen var Mongejura tørr og fin, og sekkane pakka og klar :-) Verken eg eller Endre hadde vore på ruta før, så vi var spent på om vi ville finne vegen. Vi hadde høyrt at man fort kan rote seg litt vekk i toppen... 
  Grashyllene i starten gikk vi løpande. "FAEN!!" høyre eg lenger oppe. Endre var tydeligvis forbanna! Nokon hadde lagt ein bæsj midt i linja!?! ..på eit klatregrep!! ...og han klarte sjølsagt å sette hånda rett i dritten! 
Etter iherdig tørking av hånda i mosen vidare oppover, nådde vi etterkvart første 6ern. Endre gikk på, og vi var igang :-) Vi vekselleda det meste av klatringa, og taulengdene gikk i jevnt og behagelig tempo heilt til topps. Veldig mykje fin klatring på denne ruta! (til og med litt sportsklatreflytt på tofinger pockets :-) 
Returen gikk via Mongevatnet og ned Mongehamrane på merka sti.

lørdag 18. mai 2013

tradstart i Romsdal


På tur: Johanne Broch Hauge og meg
Då va endelig tradsesongen igang :) Klatromobilos e nokre kilo lettare uten ski, og tilsvarande tyngre med klatrestash og montert seng for årets klatresommar!
Etter å ha plukka opp Johanne på Turtagrø, reiste vi mot Romsdal for å sjå om stemninga va like god som i Sogndal.
Med to daga + ein promille tilgjengelig, kalibrerte vi til "romsdalsgrader" med en kveldstur på Slettafossen, etterfulgt av Jugoslav til førsterampa og Lava dagen derpå.




På Lava kom regnet, som etterkvart utvikla seg til frisk bris og bøttevis med regn idet vi nådde førsterampa... Alt var gjennomvått, og sjøl med 2 sekka grillkull og 2 flaske tennveske i bilen, konkluderte vi at kinamaten i Åndalsnes ville smake best!
Med anstendig bekledning på resturang, møtte vi ei lokalheltinne som bydde på overnatting og tørking av klær. Soklart kunne vi ikkje takke nei til slikt eit godt tilbud :)

Før heimreise blei det joggeskoklyving på diverse Norafjellruter og hangaroundvirksomhet ved hornaksla. Altfor god stemning her gjorde at vi ikkje rakk tilbake over sognefjellet før nattestenginga..

mandag 6. mai 2013

sesongens siste?

På tur: Lisbeth, Frank og meg
Siste topptur denne sesongen? Kanskje... Var iallefall nydelig på Frudalshesten siste aprilhelga med underholdning fra SGN gjengen som kjørte renna på "lensmanns" venstre i skjerdingane (første bilde over Frank sitt haud) :-) Og ikkje minst eit stort skikøyrerutløyst skred frå dagen før på Bjåstadbreen (andre og tredje bilde til høgre)