Instagram

mandag 28. januar 2013

ElveSafari i vikadalen

På tur: Odd-Eivind Holo, Ken Eivind Thompson og meg.
Da vart det tidlig start igjen da gitt.. Dagens plan var is og elvesafari i Vikadalen opp mot Riskalsvatnet via nokre kjempe-jettegryte. Vi blei dessverre stoppa i den første gryta da mildværet hadde tatt knekken på isen vi skulle opp... Vi snudde og stoppa lengre nedi dalen kor vi hadde sett ein foss som såg fin ut. Mykje tid hadde gått med til elvesafari, men vi va gira på å klatre litt uansett, sjøl om skoa var gjennomvåte!


Etter ca 7 varierte greie taulengde nådde vi eit stort platå. Skulle gjerne gått inn og sett om det var ein fortsettelse på fossen, men det var allereie mørkt og på tide å snu nasa ned igjen. Returen blei litt innholdsrik med to rappella, ei is/mix/skog/krafsemose-taulengde og ein lang småbratt skog..

fredag 25. januar 2013

Isklatring i Fatlafossen


På tur: Ken Eivind Thompson, Øystein Stangeland og meg
Med over 20 topptura i beina sia jul, var det superdigg å få på stegjern og økse igjen! Det blei opp i fornuftig tid, og siste soldagen (på kanskje ganske lenge) måtte sjølsagt tilbringast i sola. Med ein rekognoseringstur utover fjorden såg Fatlafossen mest innbydande ut. Fossen er tredelt, og i desember klatra eg og Sander dei to nederste. Denne gangen fekk vi klatra heilt til topps.

 

onsdag 23. januar 2013

Nyastølseggi i Fjærland


På tur: Øystein Stangeland, Lisbeth Husevåg og meg
Skulle ikkje langt ut av Sogndalsdalen for å gå på topptur. Berre gjennom tunnellen egentlig :-) Fjærland byr på fantastisk mange fine tura, og skikøyring med fjordutsikt!

mandag 21. januar 2013

topptur på torstadnakken og barnakona

Torstadnakken (Sogndalsdalen) På tur: Lisbeth, meg og Øystein.

Etter nesten ein heil dag i skyggen i Skjerdingane forrige skitur, var planen å være heile dagen i sola på denne turen. Og det blei det :-) På toppen møtte vi Øystein som også hadde teke turen med lettare ski og bein som gikk ca dobbelt så raskt som oss ;-)





Barnakona (Sogndalsdalen) På tur: Lisbeth og meg
Søndagen meldte Yr og Storm sol og knallfint vær, bortsett frå at Yr som skifta frå nordøst til nordvest vindretning.. Trass fineværsmeldinga var Sogndalsdalen dekt av skye og med tendensa til litt snø i lufta.  Dagens tur gikk gjennom den trange og skredutsatte Tverrdalen og lettaste veg mot toppen. Det er absolutt verdt å tenke seg om ein gong ekstra på daga med høgare skredfare før man går inn denne dalen!! Dagens blindføre og snøforhold gjorde til at nedkøyringa blei nesten samme veg nedatt.



fredag 18. januar 2013

topptur på steindalseggi og skjerdingane

Steindalseggi (Sogndalsdalen) På tur: Øystein Stangeland og meg

Tirsdag blei det tur til Steindalseggi via Anestølen og skikøyring ned Grøneskredene








Skjerdingane (Frudalen) På tur: Øystein Stangeland og meg


Torsdag var var det på med skia igjen :-) Parkering på nye Frudalsparkeringa. Termometeret i bilen måle -21 grade, men dunisen blir igjen i bilen. Har ikkje plana om lange pausa i dag. Opp ei av smårennene til venstre i skjerdingane og deretter ein tusletur langs ryggen til hovedrenna. Vi klarte ikkje unngå ei lita nedkøyring i sola til vatnet i Styggebotn :-) Når vi var på toppen igjen stod hovedrenna for tur. Det var ein av dagane eg berre fikk so lyst å køyre non-stop kortsving heile renna ;-)