Instagram

mandag 14. mai 2012

To pader! En Crashpad og en iPad

Lisbeth lager klart for dagens middag :-)
I underkant av to tima frå Sogndal ligg Hemsedal og ved litt ekstra køyring kjem en til Gol og klatringa på Natten. Dette er et lite klatrefelt med nokre kjemepefine ruter! Laurdag fekk eg bl.a. kryssa av Brunost i motbakke 7b og Diamanter varer evig 7c, begge med god margin i andre forsøk :-) Skulle gjerne klart å gått disse on-sight!

Søndagen flytta vi oss viare for litt buldring i Ål. Etter ein lang frukost i bilen tusla vi innover skogen med pad på ryggen og nettfører fra klatreforbundets sider liggande på iPaden. Buldringa i Ål har kort anmarsj og steinane står passe tett. Landingane er gode og potensialet er stort for mykje fleire buldre for dei som er gira på å pusse fram.

onsdag 9. mai 2012

Nedbryting eller rehabilitering?

Et on-sight forsøk på Morgan 7b+ i
Sikati Cave. Endte med roting i
toppen og fall rett før ankeret..
Uansett en utrulig stilig rute!
To veker har snart gått sia utbrytelsen frå gamle rutinar. No har kroppen fått kjørt seg med 2 til 3 treningsøkter for dag og total nedbryting. Rutene eg jobbar med på Kvam går tyngre og tyngre, men det er berre bra akkurat no. Når eg slepp opp treninga kan eg kanskje klare å gå rutene nokså kjapt håpa eg. Satsar på kroppen tåler sjokktreningen. Det er en del år sia sist!
 No er billettane akkurat i boks til høstens Kalymnos tur! I fjor blei dette ein kjempetur og eg reknar ikkje med denne blir noko anna :-)

fredag 4. mai 2012

Klar for sommern!

Hehe! No spør alle om det er deilig å være arbeidsledig. Og eg svara at det er heilt fantastisk :) Eg har ikkje vunne i lotto og eg har ikkje fått fyken. Eg har sagt opp min 100%+ stilling for å gjere det eg lika aller best.
På padlejobb i Nærøyfjorden kombinert med fjelltur. Norsk natur på sitt beste!
 No skal klatreskoa slitast ut, skia skal få køyrt seg, kajakken som nesten har tørka inn skal få vannkjenning igjen og sykkelen skal bli skitten! På kviledagane kjem det kanskje nokon blogginnlegg her også ;)