Instagram

søndag 15. september 2013

NORTIND spesial: #Lofoten


Det er ikkje gale å ha alpin tindeferd og kameratredning på studieplanen :) To veke i Henningsvær med det fantastiske Kull13 er unnagjort. Med Tindevegledarane Nils og Halvor som instruktøra har vi komt eit steg nærmare nåla!




I forkant av kurset gikk eg og Endre ein nydelig link-up på Presten via Ypperstepresten, Klokkeren og avslutning gjennom Slanting Corner. Nok en gong kan det bekreftast at friksjonen i Lofoten er heilt latterlig bra, og det var greit å få ein dag med kalibrering før kursstart. Dagen etter vart det ein storskotur på Gandalfveggen med Josef.

Ved ein rutinemessig sjekk på yr og storm, oppdaga vi at Endre (utnevnt kurskoordinator) hadde bestillt fint vær. Det var rett og slett lagt inn svært få daga med pedagogisk vær :-) 



I klasserommet som stort sett besto av Paradiset, Rock and Roll ryggen, Presten, Råna, Vågakallen, Alcoholveggen, Geita og Gandalfveggen, fekk vi presentert og utprøvd det skikkelige håndtverket for kurs, føring og redning. No gjeld det berre å komme seg på tur å øve. Det er heimeleksa si det 8-)




Fleire fotografi frå turen kan ein finne på Nils sin blogg (alpineaddiction.no)