Instagram

lørdag 21. desember 2013

NORTIND spesial: #fokksnøbygda


Mens julehandelen tek av og villsnøen blandast med regn i sogn, er vi i fokksnøbygda for å trimme skiferdighetane på tamsnø. På veg over fjellet blei ein snarstopp for å klatre den superduper berømte Kongsvollfossen i trønderriket. Og innimellom ei buldreøkt på bøttegrepa med hælkroking og figuroffår i det lokale bli stærk rommet.



Skiferdighetane blei justert, utprøvd, forbedra, forbedra, utprøvd, forbedra osv. Med ein supergira gjeng og Tor Olav som instruktør satsa vi heilt klart på å få overhøgde på ski!







Siste to dagane blei det drilling av ABCDE, spjelking, transport og andre snedige måtar å redde liv i fjellet.




God Jul folkens!

lørdag 14. desember 2013

saudehaud, pudderdump og skidemo!

Etter fordøyelsen av eit saudehaud på Sogndal Lodge lava det ned på vestlandet. I bygda med den beste stemninga kom omtrent ein meter villsnøv av beste sort :-) Toppturparkeringa var sjølsagt smekkfull av altfor dyre studentbila slik at vi måtte finne parkering lenger framme i dalen (sognsk for oppi dalen). Sander oppdaga at skiteppa låg igjen heime, og dermed enda sesongens første skitur med bail frå bilen rett og slett.. Forsøk to, ein time etterpå var meir vellykka og heilt fantastisk :-) No er sesongen i Sogndal igong for fullt!

 








Forrige helg blei det tur til partybygda ilag med Kruse Topptur og ein gjeng fantastiske utøvera! Testing av Black Diamond ski og Houdini skiklbekledning :) Nye Black Diamond Convert står definitivt på ønskelista til jul!!