Instagram

onsdag 30. april 2014

høgderuta i jounheimen


Ein av dei meir spektakulære turane om dagen må være Jotunheimen Haute Route. Forrige helg var eg og Gjert guide på sesongens tredje runde av denne turen. Vårt fantastiske turfølge hadde tre dagar til rådighet, og vi gjennomførte dei første etappane som går frå Bessheim til Spiterstulen. Sola kom som bestillt og Gjerten feira sjølsagt med ein velfortjent solo på første dag. Samtidig som oss gikk turens kreatør Stian Hagen med ei gruppe frå friflyt. Mykje bra skikøyring og ikkje minst god stemning!
  Turen starta med ein treretters middag på Bessheim kvelden før vi gikk over Besshøe og kjørte knallbra slush ned mot Memurubu. Dag 2 gikk opp og fikk fantastisk utsikt frå toppen av Surtningssue og nedkjøring på breen til Glitterheim. Fra Glitterheim gikk turen over Norges nest høgste fjell Glittertind og ned til Spiterstulen. Superdigg å gå ein topptur, komme til ei hytte, bli servert ein god middag, sove, komme til ferdigdekka frukost på morningen og deretter gå ein ny topptur med fantastiske gjesta til neste hytte.








onsdag 23. april 2014

God gammal Beachenpåske


Da var påska over og det er sommar i lufta. For første gang på kanskje 10 år har eg hatt ei sportsklatrepåske på Beachen. Det vekke gamle gode minne frå breførinstia i briksdalen å berre henge på Beachen heile dagen. Dei gamle prosjekta står fortsatt ugått, da formen var heller laber. Men det var artig å repetere fleire av dei goe gamle pumprutene i bratta :) Av ein eller anna grunn hugsa eg dei fleste flytta også, så eg har tydeligvis gått rutene ganske mange ganga da eg budde i Stryn.. Artig at Beachen er så populært at spanske klatrara velge å legge ferien til Stryn! Likevel var det ingen lokale å sjå (anna enn utflyttarar), sjølv om forholda var av det bedre eg har opplevd!





På kviledagane blei det stølsskitur i Stryn med onkel og søskenbarn, og ein bortoverskitur på Strynefjellet med søster løk og Lisbeth. Litt bedre vær her enn i Hardanger helga før påske, kor eg førte på Rosendal Skifestival med Breogfjell. Men som alltid er det god stemning!