Instagram

lørdag 21. desember 2013

NORTIND spesial: #fokksnøbygda


Mens julehandelen tek av og villsnøen blandast med regn i sogn, er vi i fokksnøbygda for å trimme skiferdighetane på tamsnø. På veg over fjellet blei ein snarstopp for å klatre den superduper berømte Kongsvollfossen i trønderriket. Og innimellom ei buldreøkt på bøttegrepa med hælkroking og figuroffår i det lokale bli stærk rommet.



Skiferdighetane blei justert, utprøvd, forbedra, forbedra, utprøvd, forbedra osv. Med ein supergira gjeng og Tor Olav som instruktør satsa vi heilt klart på å få overhøgde på ski!







Siste to dagane blei det drilling av ABCDE, spjelking, transport og andre snedige måtar å redde liv i fjellet.




God Jul folkens!

lørdag 14. desember 2013

saudehaud, pudderdump og skidemo!

Etter fordøyelsen av eit saudehaud på Sogndal Lodge lava det ned på vestlandet. I bygda med den beste stemninga kom omtrent ein meter villsnøv av beste sort :-) Toppturparkeringa var sjølsagt smekkfull av altfor dyre studentbila slik at vi måtte finne parkering lenger framme i dalen (sognsk for oppi dalen). Sander oppdaga at skiteppa låg igjen heime, og dermed enda sesongens første skitur med bail frå bilen rett og slett.. Forsøk to, ein time etterpå var meir vellykka og heilt fantastisk :-) No er sesongen i Sogndal igong for fullt!

 








Forrige helg blei det tur til partybygda ilag med Kruse Topptur og ein gjeng fantastiske utøvera! Testing av Black Diamond ski og Houdini skiklbekledning :) Nye Black Diamond Convert står definitivt på ønskelista til jul!!

mandag 21. oktober 2013

Øksekrafsing på Soleitindtraversen


Haustens første krafsetur er overstått! Denne gangen fikk vi gjennomført Soleitindtraversen uten å møte alpinist-elgen på Lauvnostind :-) (Sjå her eller her)



Det er nesten ikkje snø i Hurrungane no. Kanskje alpinist-elgen drøya sesongstart til det er skikkelig alpine forhold?? Med disse forholda kan turen knapt reknast som vintertur, men det var derimot kjekt med ein behagelig start. Ikkje so aller verst å klatre snøflanke ala Chamonix, etterfulgt av lunch i t-skjorte på toppen :)


Endre hadde gått å gleda seg som ein helt til stegjern og øksekrafsing. Skuffelsen va derimot betydelig når stegjerna blei dradd ut av sekken og tåbøylane mangla..! Problemet blei fiksa med ein rull halvt forfryst sportstape. Endre var igjen i støtet, og klatra som ein helt til siste krafseflytt på turen. Der datt begge stegjerna av. Perfekt timing! :-)




onsdag 16. oktober 2013

"Colosseumruta" i Kjøsnesfjorden


På tur: Endre Vonheim og meg
Rute: Colosseumruta 6+, 7 taulengde

I denne dalen er snøskreda so svære at geitene gøyme seg i tunnellane på sommaren. Slik sett er denne dalen ikkje heilt ukjend for geitemassakrar heller.. Dette er dalen med fjord uten havtilknytting. Kan det være ein lausfjord? Men mest av alt. Dette er dalen med SVÆRE kompakte sva! Best kjend som: Riskveg 5 Kjøsnesfjorden, stengt grunnet oppryddingsarbeid.

På disse svaa må det være klatring!


Som alltid er det god stemning i Sogndal so han sa, og enda bedre blir det om vi får litt kortreist storveggsklatring! Vi har høyrt om andre (bl.a Siggen), som har vore inn og sett på veggane. Men om nokon har klart å etablere noko der, veit vi ikkje.
Forrige helg tok eg og Endre turen for litt rekognosering. Første ruteplan endte med bail på innsteget. Andre ruteplan blei klatring :-)

Lørdagen spotta vi to linjer. Den første linja va ikkje so bra, og vi baila på innsteget. Sjøl om vi mista mykje tid på denne bestemte vi oss for å gå opp til den andre linja og prøve. Denne såg fin ut, og vi fikk klatra fire fine taulengde før Suuntklokka viste hal seks. Då var på tide å komme seg ned før det blei mørkt. Vi hadde liksom ikkje brukt so lang tid, så det var litt merkelig at klokka va hal 6 allereie.
Etter første rappellen fiska eg fram mobilen for å ta eit bilde. Der viste klokka 15:07...! Hæ! Forbanna dritt suuntoklokka va heilt på jordet!  Vi kunne ha klatra meir!


På søndagen var det på igjen på samme ruta. Som gårsdagen blei det mykje tidkrevande gartnerarbeid for å få satt sikringa. Klatringa ellers va på fast og reint fjell :-) Der hang baileanker på dei to første taulengdene, så nokon hadde vore der før. Viare oppover fant vi derimot ingen spor etter menneske.
Frå der vi avslutta dagen før, fikk vi renska oss sakte opp tre nye taulengde. No hadde vi sju flotte taulengde, og den siste enda på øverste rad i vår eigen Colosseum. Her vart ruta avbrutt av ei svær hylle, utan noko innlysande direkte linje viare. Vi fant det dermed naturlig å definere ei rute opp hit.

Meir om klatring i Kjøsnesfjorden finn du her.



Alle taulengdene byr på fin klatring i fast fjell. Det skal seiast at cruxlengda (6+ trur vi) var seriøs og tynt sikra! Her gjeld det å ha med fleire av dei minste kilane og C3 heilt ned i str 000 For Å Seie Det Slik! Retur nesten samme vei med 61 meter lange rappella.

Kjøsnesfjorden sett frå andre sia av dalen


Fleire av fotografia i dette innlegget e dessverre prega av mobiltelefonkvalitet :-(