Instagram

onsdag 26. februar 2014

frå forblåst til vindstille



Lisbeth på Steindalseggi når vinden var nokså rolig.

Etter Nortindkurset har det stort sett blitt kortreiste tura rundt Sogndal (med ein avstikkar til partybygda). Blant fleire forblåste tura var nok Sogndalsdalen - Fjærland den som utmerka seg mest! Fokksnø er ei mangelvare i denne bygda, så vi må benytte sjansen når den er her! Litt mykje vind denne dagen gjorde framkomeligheita eit knepp vanskeligare enn Frudalshesten som vi var på eit par daga før med Sander og Sigrid. Denne dagen var det ikkje aktuellt å ta av skia for å dra av fellane. Vi ville ikkje risikere at skia tok snrvegen ned med vinden!! Da Lisbeth løfta eine skia slik at eg kunne dra av fella, tok vinden tak og dytta begge to over på feil sie av toppvarden. Det var ikkje so langt frå stupet, og eg hadde ikkje lyst å prøve basehopping for første gang. Det blei kryping tilbake i sikkerhet og forflytting 10 meter nedanfor varden før neste felle skulle av!! Nedkøyringa kunne by på fantastisk fokksnøkøyring i god innsikt heldigvis.




For eit par lørdaga sia blei det også litt skruing av Black Diamond ski. Bratt.no sammen med Black Diamond, Houdini, SGN, Stereo Skis, Faction og eit par andre skimerke arrangerte skidemo i Hodlekve Skisenter. 


Dagen etter blei det skiheiskøyring i partybygda. Det er nok første gang i mitt liv eg har reist dit for å finne bedre møggl enn heime! Men ikkje overraskande klarte eg å pådra meg ei ripe i skia denne gangen også...


Borte bra men heime best! Morgentur på blåmandagen og tirsdagen med SOL!! Er nok første dagen denne sesongen med kombinasjon møggl, vindstille og 100% sikt. 

På fjellsportfestivalen hadde eg klart å pådra meg ansvaret for redning under freeridekonkurransen. Fikk med meg Endre på laget, så reiste vi på rekognosering med Mølleren som var sikkrehetsansvarlig. Onsdagen skulle vise seg å bli tiårets skidag på Sogndalseggi og vi brukte heile dagen på å klargjere for freeride dagen etter. Dessverre kom været inn tidligare og sterkare enn vi hadde forventa og håpa. Det endte med avlyst konkurranse gitt... :(



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar