Instagram

mandag 15. april 2013

skikøyring på melsnipa


Stille før stormen og meteorologane vise pedagogisk vær dei neste dagane. Laurdagen kom til å bli siste dag med sol på ei stund, og den måtte brukast til ein skikkelig topptur!
Fjella i Fjærland med sine store snøflankar vise godt igjen frå ein del av toppane i Sogndalsdalen, og no va det på tide å ta turen over!

Etter ca 1500 høgdemeter og litt klabbeføre i Trollabotn, kunne vi sitte og nyte 360 graders knallfin utsikt frå Melsnipa.


 I frykt for at dette var siste dagen med tørr snø på nedkøyringa, måtte den virkelig nytast :-)

OBS! Det er ikkje berre på ski det er viktig å vurdere rasfaren. Bilvegar er også utsatt for slikt!

tirsdag 9. april 2013

pudderkøyring på hesten


Nysnø og litt vind frå riktige retninga og delvis overskya i Sogndal. Då må det no være bra skiføre i Jostedalen! Med skistasj, godt humør og fleire alternative turplana tok vi søndagsturen til nabobygda. Hesten såg ut til å være ein god plan med skikkelig laussnøv og passelig terreng for oss og forholda i dag :-)

tirsdag 2. april 2013

vinterpåskesnø i stryn


Jaggu blei det sol resten av påska og :-) Frank, Mette og Frida hadde invitert på klatring på Beachen, og det passa perfekt med ein kviledag frå skia. Med dinosaurlår og iskalde krimpa, blei det ingen bestingning denne dagen dessverre..


Med utkvilte bein var det klart for ein ny dag på ski. Enda ein toppturklassikar i Stryn måtte besøkast og Botnenibba bada i sol. (Når eg likevel va i dalen blei det ein tur opp Rasmusfjellet i samme slengen) På toppen av Botnenibba sto lokalhelten Frank Jakob klar for nydelig skikøyring :-) Det va so bra at eg, Lisbeth, Lise og Endre var ein tur opp igjen for å avslutte påska med fantastisk snø på mandagen!

Påskehelga på hytta "Vidsyn" på Strynefjellet. Her blei det bl.a. ein rundtur på Opljosegga


Takk for ei nydelig påske!