Instagram

om


Einar Løken
Eg er ein 29 år gammal Stryning busett i Norges "fjellsporthovedstad" Sogndal.
  I motsetting til fotballens dragsug, blei min Strynske barndom tilbrakt mest i skiheis. Det var her mi store interesse for ski og skred blei skapt.
  Like etter tusenårsskiftet snekra lokale ildsjeler ein innevegg i sommarskibygda, og breførarane i Briksdalen utvikla eit av landets beste klatrefelt. Beachen blei dermed heimebane og klatring ein betydelig del av meg sjølv.
  No er eg verken bygdameister i klatring, og ei heller i skikøyring, men det treng eg heller ikkje være :-) Saman med fantastiske folk, kan eg no kombinere nydelig skikøyring, all type klatring og mykje mykje meir like utanfor stovedøra! 

Eg jobbar for Breogfjell som fjellførar med utgangspunkt i Sogn og det norske fjord-skiogklatring-lanskapet. Eg er under kvalifisering i NORTIND til å bli Tindevegleder etter IFMGAs internasjonale standard. Ellers har eg ein bachelorgrad i friluftsliv med fordjuping i alpin skiferdsel ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og ein klatre-Mastergrad i Idrettsvitenskap frå Norges Idrettshøgskule. Eg er også godkjent fjellklatreinstruktør i Norges Fjellsportforum, aktivitetsleiar havpadling av Norges Padleforbund og medlem av Norske Alpine Redningsgrupper.


Vi sjåast i fjellet!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar