Instagram

fredag 21. desember 2012

Haukabergsisen

På tur: Øystein Stangeland og eg.
Torsdagstur på Haukabergsisen!
Kjekt å ha so mykje klatring rett utfor stovedøra i Sogndal! I dag parkerte vi bilen på Norum og fulgte Ølmheimselvi forbi Halvfarhaug, og i siste svingen før Frulauposete skar vi av mot høgre over Sauaklanten mot Haukaberg. Her var det is! Og ikkje minst SOL :-)

Øystein fikk starta klatringa i god stil! Ruta består av fire 60m fossa med ca 30m småklyving mellom kvar. Første var litt bratt, andre ganske enkel, tredje heilt super og siste litt bratt igjen ;-)


Dunisen va pakka i sekken og den kunne eg egentlig lagt igjen heime.. Heilt fantastisk å stå på stand igjen i god temperatur! 

Takk for turen Øystein!!

onsdag 19. desember 2012

Fatla, Kaupanger og Jostedalen helg!

På tur: Sander Buene og meg!
For nokre år sia med splitter nye økse og tre skrua i selen va eg på veg til Fatlafossane for å prøve ut litt isklatring. Frå vegen såg vi at isen va heilt kvit og sola sto rett på.. Hadde lite greie på isklatring tydeligvis, so vi fann ut at det sikraste va å køyre heim..

No va det på tide å ta turen igjen og vertfall klatre to første av dei tre fossane i Fatla. Heile turen er litt over 500 hm, med ein del gåing mellom tre 1-2tl fossar.



Med 70m tau rakk vi akkurat opp til fanggjerdet for å sette stand på første fossen.


Andre fossen hadde kjempebra is! Sander kosa seg på led her :-) Etter ein god lunch under tredje fossen blei vi gira skjølv om det var begynt å bli seint på dag. Denne er to taulengder. Den første veldig lett og den andre vedvarande nesten vertikal. Dessverre halvegs i første var eit stort belte med veldig dårlig is som verken eg eller Sander ville klatre... Vi fikk heler bruke dei få minutta som var igjen til å finne ein retur :-) Etter litt om og men, endte vi med rapell samme vei.


Dagen etter blei det ei kveldsøkt på Kaupanger med våre fantastiske Storm hodelykte :-)


Tirsdag blei det ein tur til Jostedalen. Den planlagte fossen var det ikkje forhold på i mildvæiret, so då blei det ein tur på bui å handle litt mat og besøke locals. 


På vei nedover dalen stoppa vi å gikk eit sig ved neafor tunnellen ved Haukåsgjele.


 

fredag 14. desember 2012

Film fra Skogshorn i november

17 november var Martin Skaar Olslund, Endre Vonheim og eg på tur i Hemsedal. På denne turen måtte vi snu like under toppen... Helga etter var Martin og Endre tilbake med en femmercamalot og feira bursdagen til Martin i fint væir og FA av ruta "Dama, drama, drømma og dramma". Martin har laga ein liten film frå prosjektet. Gratulerer med bestigning gutta! :-)

mandag 10. desember 2012

Vinteris i Sogn!

Kuldegrade siste vekene har gjort nytte for seg :-) Mandag blei det ein kveldstur i Sogndalsdalen, laurdagstur til Årdal og søndagstur til Jostedalen.

Mandagstur: Endre Vonheim og eg
Husmorsfossen (trur den heite det...?) i Sogndalsdalen på mandag. To taulengder med grei kveldstrim. Godt å få klatra litt is!

Lørdagstur: Sander Buene og eg
Avdalsfossen i Indre Årdal med ca5 (70m tau!) effektive og enkle taulengde og ikkje minst førsteklasses turistanmarsj med infoskilt overalt :-) 




Søndagstur: Sander Buene, Sigrid Henjum og eg
Tidlig opp nok ein søndag. Sander hamra på døra og vi sett oss i bilen mot Jostedalen. 


Etter litt rallybilkøyring kom vi oss over elva og inn til fossen. Etter ein del meter med slak anmarsjklatring etterfulgt av og to taulengder grei klatring, blei det berre orgelpipe kombinert med bratt sørpe.. Det blei bail denne søndagen og gitt.. :-(

Takk for turen Sander og Sigrid!

søndag 2. desember 2012

Tilbake til heimbygda!

På tur: Endre Vonheim og eg
Latterlig gode væirmeldinga og kaldt. No va det berre å komme seg ut i kulda!
Planen var å bruke laurdags ettermiddag til anmarsj slik at vi fikk heile søndagen til klatring. Vinterposen min med -4 grade i komforttemperatur fungera heldigvis bra i -25 grade som vanlig, og gassbrennaren takla sovidt minusgradene. God stemning og store forventinga til morgendagens knallforhold :-) 



Klokka 05:00 var brennaren fyrt opp og frukosten på vei. På siste rest av anmarsjen låg svære rasutløp frå siste mildværsperiode. Terrenget blei brattare, stegjern blei satt på og snørenner skulle etterkvart forserast. På grunn av vindtransportert snø og lagdeling blei ikkje disse snørennene gått av oss denne gangen.