Instagram

søndag 14. juli 2013

altmuligveke!


For ei veke! Først ein nydelig føringstur for Breogfjell på Austabottntind. Dagen etter blei det 8 tima i bil til Kjerag for å klatre Hoka Hey med Endre. Desverre slo bailefunken inn og det blei laaaange 8 tima tilbake til Sogndal. Vel heime blei sekken pakka om for ein rekognoseringstur til Gjendebu. I disse fjella (bortsett fra Besseggen) blir det ei veke med føring for Breoppleving seinare i sommar. Veka blei avslutta med ein hyggelig jordbær og champagnefest på Sogndal Lodge, etterfulgt av ein bomtur morgonen etter...  Planen var ein fjelltur i Hurrungane med Lisbeth, men mot normalt var været dårligare enn meldt. Vi endte med å køyre heilt til det nyoppussa bakeriet på Lom for å kjøpe deira fantastiske fruktbrød :-) På veg heim blei det ein trimtur opp til garden Fuglesteg i Fortun som plaster på såret.



Det tøffaste denne veka var impulsturen til Kjerag for å klatre Hoka Hey med Endre. Endre hadde ordna seg to daga fri fra jobb og eg har sommarferie. Køyreturen ned gikk i eit, og takka være hyggelige basehopparar ordna det seg enkelt med båttransport ut. Etter ein god middag i teltleiren pakka vi klart for dagen etter. Tidlig på morgonen bar det iveg med flipflops opp den korte anmarsjen og plustelig var vi knytt inn for dei første lengdene :-) Formen kjente eg var god, sjølv om første taulengdene bar preg av ein serdeles morgengretten og skranglete kropp. Det er heller ikkje heilt uvanlig klokka 4 om natta... Når vi nærmar oss "Lysebotn Camping" er det dessverre tydelig at Endre ikkje har heilt dagen. Av ein eller anna grunn var formen og dermed også oppdrifta heilt fraværande. Skal vi gjennomføre slike ruter bør begge ha dagen, og etter ein kort diskusjon kom vi fram til at det som ventar oss krev meir enn vi var i stand til i dag. Første turen på Kjerag endte dermed som bailetur :-(


Etter den laaange køyreturen heim var det ompakking til bretura frå Gjendebu. I august blir det ei lita veke med breføring i desse fjella og det kunne være greit med ein liten rekognoseringstur.


1 kommentar:

  1. Fet CR. Bail er bedre enn å sitte hjemme!

    Anonym Astmatiker

    SvarSlett