Instagram

mandag 1. juli 2013

dobbeltdate på storen


På tur: Lise Hollsten, Endre Vonheim, Lisbeth Husevåg og meg.
To taulag, sosiale standplassa og dobbeltdate i Hurrungane!
Eg og Lisbeth hadde klassisk tidlig start frå Sogndal, mens Lise og Endre hadde overnatta på Tindeklubhytta. Dermed blei det også ein god halvtime kaffistopp her :-) Etter ei kald natt med nedbør (snø) og ingen morgonsikt, blei målet til på vegen denne gangen. På Bandet sto valget mellom Storen eller Søre Dyrehaugstind. Gjennom tåka såg som vanlig Store Skagastølstind forlokkande ut og valget blei enkelt når Lisbeth og Lise ikkje hadde vore der før. "Det er jo på ein måte ein litt obligatorisk topp også når man klatra å sånn" :-)
Med litt snø på svaa og is i Heftyes blei det ein liten midsommers vintertur :-)



1 kommentar: