Instagram

torsdag 29. mai 2014

Rekreasjonsklatring i Romsdal

Knallbra utsikt mot Trollveggen fra toppen av Romsdalshorn. Foto: Lisbeth Husevåg


Yess! Lisbeth hadde langhelg og va gira på fjelltur. Eg klødde i fingrane etter å starte tradsesongen. Dette var ein perfekt anledning til å lure med seg Lisbeth til Romsdal for å få klatra litt :) Vi reiste opp via Stryn på kvelden for å tilbringe heile lørdagen på Beachen. Dessverre hadde det regna så kraftig siste dagane at det hadde "slått seg" inni bratta. Dei gamle ugåtte prosjekta var meir umulig enn før... Vi baila fra Beachen og tilbrakte resten av dagen med kaffibar og shopping. På kvelden reiste vi mot Romsdal.
Sia Lisbeth aldri hadde klatra i romsdalsfjell før, blei det rett på hornet første dag. Eg hadde ikkje vore der sia eg var på min første klatretur med ICO Statistics. En tur som fortsatt er friskt i minnet og fortjener et eget blogginnlegg snart (om eg skulle klare å finne nokre gamle bilder!). Søndagen låg skyene lavt og eg måtte bevise at i Romsdal får man alltid klatra uansett vær. Slettafossen blei redninga!  På ein solrik og lat dag blei Bjørlo Hålands Memorial Pitch dagens einaste S&D. Eg pådro meg nesten mental knekk når eg måtte velge om eg skulle klatre eller hoppe fra den store steinen og inn i ruta.. Mandagen hadde vi kjørt opp trollstigen i håp om å komme over tåka. Egentlig skulle vi berre ein liten fjelltur på Bispen, Kongen og Dronninga. Vi starta med Trollstigen Fjellstue for å drikke ein kopp kaffi, ete is, og vente til tåka kanskje letta litt. Når kaffikoppen var tom, var også tolmodigheten slutt. Vi baila Trollstigen Fjellsutre og reiste på hornaksla og klatra i sola heile resten av dagen :) Siste dag fikk vi ein knallbra rekreasjonstur opp Drømmediederet på Vengetind. Fyttirakkern så flott rute!!!

Snart på toppen av Romsdalshorn. Foto: Einar Løken

Lisbeth topper ut. Foto: Einar Løken

Lisbeth på vei ned fra Hornet. Foto: Einar Løken

På vei heim Foto: Stein M. Mose

Rypa trykka så lenge at eg nesten kunne tatt den med arma! Foto: Einar Løken

Hornet ja... Foto: Einar Løken

Ein liten tur på 4 første taulengder på Jugoslav. Foto: Einar Løken

Drømmedama på vei til Drømmediederet. Foto: Einar Løken
For ei fantastisk rute! Foto: Einar Løken


Drømmediederet kan også klatrast av team 160cm.. Foto: Einar Løken

Ein klassisk klatreselfie. Foto: Einars utstrakte arm

Vengetind fra vegen. Foto: Einar Løken



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar