Instagram

fredag 3. januar 2014

Snøstorm og stjernesprut!

Tradisjon tru blei det Strynejul i år også. Heim til mor og far for å finne mandelen i grauten, snoke i skapet etter kva no enn som gjør klatreformen verre, og ikkje minst kortreiste topptura for å trimme vekk noko av det. Mot normalt (etter kva eg kan hugse) var det meir snøv i fjellet denne jula, men væiret var nesten som vanlig = altfor varmt, stiv kuling og sol i dråpeformat. Men tur blir det ikkje om man sitte inne å klaga på væiret!


Julafta blei det tur på ein god gammal klassikar, Gryta, like nord for Strynebygda sentrum. Med avstikkaren 300m sør for toppen (bilde) fikk eg som vanlig ei av stryns beste utsikte mot nettopp Strynebygda.




Førstedag kunne Høgenibba i Honndalen by på god snøv og oppholdsvær i nokre minutt. Andredag blei det tur på samme fjell med Endre og lisjebrorvonheim. Ikkje akkurat oppholdsvær den dagen. Men med GPS har man fortsatt sikt :-)


Tilbake i bygda med god stemning blei det to tura i frukostbollen med Sander og Sigrid. Første dagen med innslag av nydelig (nesten) tørr nyinnblåst snø. Nokre daga etterpå (nyttårsafta) var der enda meir snø sjølsagt, men også enda villare.





Romjulas beste og lengste tur gikk til toppen av eit fjell som kun Jostedalarane har navn på. Jaggu blei det ikkje nokre flotte svinga her og, etterfulgt av ein tur på Lustrabadet. Luksus!


Nyttårsfeiring i godt lag i Sogndalsdaladalsdalen! :-)

og til slutt ein trimtur på Storehogen :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar