Instagram

mandag 15. april 2013

skikøyring på melsnipa


Stille før stormen og meteorologane vise pedagogisk vær dei neste dagane. Laurdagen kom til å bli siste dag med sol på ei stund, og den måtte brukast til ein skikkelig topptur!
Fjella i Fjærland med sine store snøflankar vise godt igjen frå ein del av toppane i Sogndalsdalen, og no va det på tide å ta turen over!

Etter ca 1500 høgdemeter og litt klabbeføre i Trollabotn, kunne vi sitte og nyte 360 graders knallfin utsikt frå Melsnipa.


 I frykt for at dette var siste dagen med tørr snø på nedkøyringa, måtte den virkelig nytast :-)

OBS! Det er ikkje berre på ski det er viktig å vurdere rasfaren. Bilvegar er også utsatt for slikt!

1 kommentar: