Mi veke besto stort sett av ski og klatring!
Mandag blei det berre eit par tima buldring. Tirsdag blei det frukosttur i Frudalen med 700 høgdemeter. Etterfulgt av 2 tima buldring på kvelden. Frukosttur blei det også på Onsdag, med tur på Grånipa (ca750hm)
Torsdag hadde Ole Karsten invitert på pizza og ølsmaking på Leikanger. Med fint vær var det likegreit å springe frå Hodlekve til Leikanger med Olav :-)
Fredag var det dagstur til Stryn på besøk til doktorn. Han sa eg va frisk som ein fisk! På vei inn fjorden såg Skåla knallfint ut, så då blei det ein ettermiddagstur for å sjekke om doktorn hadde rett. Skåla byr på 1800 høgdemeter skikøyring, Norges lengste samanhengande motbakke (Aftenbladet) og er rekna som høgste fjellet i Norge med foten i sjøen (skaala.no).
Laurdag skulle eigentilg tilbringast på Beachen i hyggeleg selskap med Olav og ein gjeng frå Sogndal, men været var ikkje bra nok. Det blei vendereis og ein restitusjonsdag med heiskøyring i Heggemyrane.
Søndag var overskya og sterk vind. På slikt væir pleie det ofte å være opplett på Skei og i Stardalen. Eg og Lisbeth fant god snø og fint vær med vind på kortturen Olahansfjellet på Skei (ca700hm) :-)
Så er spørsmålet. Har aktivitetsmålaren fått med seg at eg har gått på ski og buldra denne veka?? Tja... Det er jo ikkje noko vitenskapelig testing bak dette. MEN artig er det likevel at mykje av bilturen frå Sogndal til Stryn vart rekna som lett aktivitet, og ikkje stillesittande som det eigentlig er. Det seie kanskje noko om vegstandarden også?? Å gå ein topptur på Skåla med sekk og brøyting store dela av veien var ein blanding mellom lett og moderat aktivitet, ikkje høg. Lørdagen med heisbasert skikøyring var den einaste dagen eg ikkje oppfyllte anbefalingane i følge akselerometeret. Ellers var eg godt over anbefalingane tydeligvis :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar