Instagram

fredag 21. desember 2012

Haukabergsisen

På tur: Øystein Stangeland og eg.
Torsdagstur på Haukabergsisen!
Kjekt å ha so mykje klatring rett utfor stovedøra i Sogndal! I dag parkerte vi bilen på Norum og fulgte Ølmheimselvi forbi Halvfarhaug, og i siste svingen før Frulauposete skar vi av mot høgre over Sauaklanten mot Haukaberg. Her var det is! Og ikkje minst SOL :-)

Øystein fikk starta klatringa i god stil! Ruta består av fire 60m fossa med ca 30m småklyving mellom kvar. Første var litt bratt, andre ganske enkel, tredje heilt super og siste litt bratt igjen ;-)


Dunisen va pakka i sekken og den kunne eg egentlig lagt igjen heime.. Heilt fantastisk å stå på stand igjen i god temperatur! 

Takk for turen Øystein!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar