Instagram

lørdag 30. juni 2012

Shangri-La

Trange sko!
Etter eit par veke i Sogndal gikk turen nok ein gong til Romsdalen. Denne turen var litt meir målbevisst enn forrige tur. Shangri-La på Hornaksla skulle klatrast. Ruta har ei lett introtaulengde og 7 superfine taulengder med mykje 6 og 6+ klatring, to kjipe svatraverser og et lite takoverheng i nest siste lengda gradert 7. Stort sett godt sikra klatring.

Endre som har vore supergira på denne ruta i vekesvis knyt seg inn for første lengda opp til et fantastisk 6- dieder som eg får nyyte! Med hukommelse som en gullfisk og totalt fravær av avstandssans klarte eg å sette stand litt for tidlig.. Endre kom etter litt oppgitt over standplass på feil plass og ti minutt etter hadde eg ordna stand på riktig plass :-) Endre kruser opp tredjelengda og gjennom første crux 6+/7- etterfulgt av en kjip liten svatravers gradert 6. Etter mi meining var svatraversen mykje verre enn cruxet lenger nede (men så er eg egentlig sportsklatrar og vand til å ha grep å holde i).. Eg fikk gleden av å lede svatraversen i fjerdelengda 6+ og plutselig var vi oppe på førsterampa.

Endre startar på tredjelengda
Etter ei lita transportlengde på Endre og ei lang og fin taulengde på meg var det klart for Endre å lede gjennom taket. Sjølvaste cruxet på ruta. Litt pusting og pesing rundt leppa, så var cruxet gjort. Eg kom etter og tenkte at eit tak og grad 7 skulle gå greit. Da er det vertfall grep å holde i! Men romsdalsgradene er som kjent ikkje snille og eg måtte ta i som f***. Kan skrive under på at det var veldig bra leda av Endre!
Eg fekk gleden av å toppe ut ruta med siste taulengde som plutselig minnte meir om sportsklatring enn om riss og fjellklatring.

Dette er nok den finaste fleirtaulengdesruta eg har klatra til no (og den hardaste :).
Skjølv om det var sterk vind og regn i lufta, var det ikkje noko brems på klatregleda!

Takk for turen Endre!
Endre kruser gjennom første crux og benytter sjansen til ei pissepause før den ekle svatraversen på tredjelengda.
Eg kjem etter på cruxlengda og har akkurat klart å karre meg ut taket. Foto: Endre Vonheim


onsdag 20. juni 2012

Romsdal!!

Freistar ikkje akkurat med anmarsj på andre sia av dalen i dag!!!
Yr melder møkkavæir men det var ingen hindring denne veka. Turen går rett til Romsdalen eller nærmare sagt Isfjorden kor fantastiske Romsdal Lodge held til. Eit koselig lite hus som passar perfekt til helger eller lengre klatre/skiopphold i Romsdal/Isfjorden om man reiser en liten gjeng på tur. Her skulle dei neste dagane tilbringast :D

Grilling på Romsdal Lodge
Planen var ca annakvar dag med trad og sport. Torsdagen pisseregna det på Åndalsnes, da reiste vi til Slettafossen å klatra i sol! Med superstiv nakke vart det ikkje gått meir enn Da jeg vog 50 og ei anna rute som ikkje var navn på i oppdateringane til romsdalsføraren.

Fredagen våkna vi til sol, så da vart det en tur på Hornaksla. Her fekk vi gått to klassikarar Lava 5+ og første fire taulengdene på Jugoslavruta 5+. I fjor raste innsteget på Jugoslav ut, så nå har det dukka fram eit superfint riss i starten. Dette har vel blitt litt vanskeligare enn resten av disse fire taulengdene. Men veldig godt sikra!


Lørdag blei det cragging på Mjelva. Slyngene hang klart på Ulravold 8+\9-, så det blei eit par støt på denne. Fant beta, men blei ikkje sending denne turen.

Bjørn inspiserer eine standplassen på Lava

Søndag blei det hornaksla igjen, da med en tur på Desserten 6+. Fantastisk rute! Eg fekk pest meg opp første lengda, og Bjørn fekk bevist at han klatra like hardt på kila som på bolt på andrelengda.
Etter dette foreslår Bjørn en tur opp Kalle Kamin 5- og eg tenker at det skal vel gå greit. Bjørn har gått denne tidligare og insisterte på å ta førstelengda skjølv. Jaja... Offwith, mosegrodd og alternative sikringsmetoder og Bjørn som sitter på standplass og humrer og ler for seg skjølv mens sportsklatraren får lært litt fjellklatring. Dagens avslutting blei på Bochveggen med ruta Bjørns sult 6 Kjemperute, men hadde så vont i tåa ett klatreskoa, så endte med å perse på kila i joggesko.



Ein mandag på Forsamlingshuset blei løysinga på nok ein dag med regn. Eit av dei få klatrefelt som må rapellerast ned den enklaste av rutene på anmarsjen og retur samme veg. Mange fine lettare ruter her, men veldig bråkete sia veggen ligg nærme elva.

Takk for turen Bjørn!
Bjørn med en Camalot C4 #4 på Lava ;-)

Eg prøva å gå Ultravold på Mjelva..

onsdag 13. juni 2012

Låst rygg, rykk tilbake til start...

Shit så fort mai gikk! Først to veke med klatring, jogging og bacharstige. Det er jo på tide å klare meir enn 8 pullups!! Så gikk turen til Bergen og Sotra for litt praksis mot klatreinstruktør utdanninga i klatreforbundet. Et kameratredningskurs med Jarle og et Grunnkurs ute med Johanne, da var plutselig 5 av minimum 6 praksisdaga i boks :) Været var supert for desse kursa, men katastrofalt for klatringa. Første dag i Loddefjord fekk eg gått klassikeren Grønn var min barndoms salat 7b i andre forsøk og det ble egentlig med denne. Sikra Jarle på Matrialtretthet og forlengelsen et par ganga. Material blir vel ruta eg skal henge på neste gang eg kjem til Loddefjord. Etter andre kursdag, med skallebank og en passe dehydrert kropp reiste vi på Syltøyveggen for litt trimming. Mens bergensarane hoppa i havet for nedkjøling, sleit eg meg opp Titanofestivalen 7b+, ei rute eg tok litt lett på i on-sight forsøket en mnd tidligare. No gikk den lett som en leik :) Klatredagen endte med ein campusøkt inne i Bergen og et forsøk på pullups pers etter at Jarle som fleire andre, meinte eg burde klare minst 10stk lett.. Vel etter 6stk sleit eg og etter 9 var eg kjørt... Svekling!

Kusleder Johanne observerer og veileder
Ein snartur tilbake til Sogndal for et par daga med jobbing, innkjøp av nye Tendon klatretau og eit par Camalots som mangla i racket og ikke minst hente min bedre halvdel Lisbeth til klubbsamling på Sotra. Fy f*** så mange fartsboksa det er mellom sotra og sogndal! Greit med mange tunnella men der er 16 fartsboksa!?.
Plutselig var vi tilbake på Sotra og innlogga på ein sogndalsokkupert camping i Møvik. Neste dagene blei tilbrakt på bl anna Jesusveggen og Ørnanipa etterfulgt av en liten time med sportskaltring etter kurset på Sageveggen som ligg fint i skyggen. Fikk endelig en on-sight på en norsk 7b+ Lær meg å leve. Det var artig, men med en god mistanke om at denne er ganske lett for graden.. Ellers blei det stang inn på Wonderbaun 7b og Klæssetryne 7b også.

Lunch etter gjennomgang av sikringsmidler
Tilbake i Sogndal er det rett tilbake til treninga og jogginga. Etter nokre joggetura innser eg at formen har blitt bedre og dessverre at kneet som smalt i Chatouvert for nokon år sidan faktisk ikkje er noko betre no... Det kjennest ut som menisken ikkje har det spesiellt bra inni der... Eg får legge jogginga på hylla i nokre daga å prøveigjen seinare.Siste veka har blitt dedikert til Kvam og faktisk sektorar eg aldri har vore på før. Kvam inneheld over 200 ruter og mykje av det med veldig god kvalitet. Etter ein dag på sektor Utsikten kunne eg ta med heim min første 7b on-sight på sva :) Det blei stang inn på ein klar klassiker Gammalmannsklatring. På kvelden blei det persing med 13 pull-ups :)

Litt trimming på langtidsprosjekta på Midtre og ein dagstur til Karakush i Stryn med Ole Karsten kor eg varma opp og gikk Rein-gjøring 7c i andre forsøk. Denne ruta prøvde eg å sighte for ca et år sia, så det føltest ganske som ein flash i år :) fornøgd med det. Dogga opp Ole Karsten sin Fjellkurslederen 8a og var bittert nærme å gå den i andre forsøk. Falt av på supergode jugs over alt det vanskeligste TO ganger! Så j*** irriterende!!

Litt kviledagsmorro med stisykling på Kaupanger. Her er Lisbeth i farta!
Pullups, pushups, sittups++ og mengdetrening på kvam. For variasjonens skyld prøvde eg sogndals mest kjente link-up Tørr Faen 8a der første halvdel er i Leoline som eg har jobba mykje med i sommar og klassikaren Faen i Helvete som eg har gått fleire ganga tidligare. Betaen var med andre ord virkelig perfeksjonert så ruta ble sendt i samme forsøk.

Eit par tima etter blir venstre skuldera heilt merkelig. Kva skjer?? Det stråla ned til albuen og opp i bakhovudet. Nokon tima til går, så er øverste venstredel av ryggen og nakken heilt stivna. Etter litt trykking bakpå ryggen fann Lisbeth triggerpunktet som satt nokså dypt og ganske nærme ryggrada. No er ikkje eg noko kiropraktor, men det virka som om det er inne på Rhomboideus som igjen vil seie at det ikkje er i ryggen problemet sitt. Denne muskelen bevegar skuldera...Planen var å klatre på Karakush i dag, men etter ein liten tur på Beachen med topptauing der eg såvidt klarte å gå Nøtteliten 6a og to nesten søvnløse netter blei det ein kviledag med tid til blogging.. Snakk om å bli satt tilbake iløpet av kort tid! Men dette er vel prisen for å plutselig begynne med mykje trening og ikkje trene nok stabilisering og skadeforebyggande. Øvelsane som ikkje er så veldig motiverande å trene...