Instagram
Viser innlegg med etiketten Stølstrim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Stølstrim. Vis alle innlegg

fredag 25. juli 2014

vestnorge e heilt konge!

Siste vekene har det gått slag i slag med fjellføring og klatretura. Blant anna blei det føring på Fjellfestivalen i Romsdal. Mykje bra vær og kjekke gjesta, gjorde denne arbeidsveka skikkelig digg! Og så er det heilt konge å jobbe med kollegaer på slike festivala også!
Veka etter pakka eg og Lisbeth storsekken med telt, sovepose og klatrestash, og reiste til Molladalen. Dit er det ofte vanskelig å planlegge tur til, da der er svært værutsatt. Noko vi fikk merke ein liten måne før denne turen. Denne helga var det derimot østavær og varmt :) Det var suksess gitt!

Første turen måtte postkort fotografiet takast også :) Foto: Einar Løken

Blei plutselig vinter på første turen. Foto: Einar Løken

Sjølsagt ein selfie på toppen av Bladet. Foto: sjøl soklart!

Gjuratind i Romsdal. Også kalla Store Anmarsjtind. Foto: Einar Løken

Fjellføring på Gjuratind i Romsdal
Straks på toppen av Gjuratind. Foto: Magnus Eriksson

Mountain Guide Romsdal, Norway
Glade jenter på toppen av Gjuratind. Foto: Einar Løken

Det er heilt konge å få ein tur på Kongen når ein først er i bygda! Foto: Einar Løken

Nesten utsikt ned til Dronninga. Foto: Einar Løken

Ikkje kvar dag ein får sjå skyggen av seg sjølv inne i regnbogen. Foto: Einar Løken

Utsikt mot Bispen. Ingen wingsuit å sjå i dag... Foto: Einar Løken

Blei løping tilbake fra Kvanndalstind før torebyga hamra ned i toppane. Foto: Einar Løken

Houdinibestfriend Marit Svarstad guider Nordveggen på Romsdalshorn. Foto: Einar Løken

Ein liten kjapptur innom Store Austabottind.


Sydentemperatur på ein eller anna pinakkel i Molladalen! Foto: Lisbeth Husevåg

Joikas på Iriss 6+ og nokre taulengde.
På Raudetårnet

God stemning!

Morgenstemning og snart soloppgang. Foto: Einar Løken

Raudetårnet
På vei opp mot Raudetårnet. Foto: Lisbeth Husevåg

To hyggelige folk på toppen av Raudetårnet. Foto: Lisbeth Husevåg

Lisbeth er klar for Holtanna. Foto: Einar Løken

Artig rapell ned Holet på Holtanna. Foto: Einar Løken

Lisbeth på veg opp Raudetårnet. Foto: Einar Løken

Andre taulengde på Sørvesteggen på Jønshorn. Foto: Einar Løken

Ei av dei siste taulengdene på Sørvesteggen på Jønshorn. Foto: Lisbeth Husevåg

torsdag 19. juni 2014

NORTIND spesial: #sportsklatring og bre

Siste to vekene var det tid for litt kunnskapspåfyll fra Nortind igjen. Desse to vekene var det sportsklatring og brevandring på skuleplanen.
Sportsklatrekuret skulle opprinnelig være i Sogndal på heimecragget, men ettersom Amund nettopp har blitt far, passa det fint å flytte kurset til Romsdal. Og ikkje nok med det, klarte den nybakte faren å perse på heimebane! :) I løpet av kurset var vi innom Slettafossen, Mjelva og Trollsvaet, samt en ettermiddag med buldring på Skiri. På kveldane ble det grillings og god stemning på Romsdal Lodge.
Etter sportsklatrekurset satte vi kursen mot Jostedalen kor vi skulle danse rundt på stegjern ei veke. Ein liten skitur på Storebjørn blei det også :)
Josef i støtet! Foto: Einar Løken


Roald Lande er sterk på et bulder på Skiri og kursveileder Robert Carspersen viser korleis det kan gjerast på Slettafossen. Foto: Einar Løken

Robert kommer med litt beta på veggen der. Foto: Einar Løken
Josef og Amund loves the glacier! Foto: Einar Løken

Roalden tester bremseteknikker. Foto: Einar Løken

Eg har satt på bremsa. Foto: Amund Amundsen

Roald tester snøankeret han nettop satt. Det funker! Foto: Einar Løken

Josefselfie når vi venter på å bli redda.

NilsN nyter dagene på jobb. Foto: Einar Løken

Global warming!!! Foto: Einar Løken

På tur opp Nigaardsbreen. Foto: Einar Løken

Endre og eg sjekka ut forholda på Tuftebreen fra Steinmannen. Foto: Einar Løken

På veg ned fra Tuftebreen. Foto: Einar Løken

Kor mange ganga har Jostein vore på Storebjørn skal tru? Foto: Einar Løken


torsdag 29. mai 2014

Rekreasjonsklatring i Romsdal

Knallbra utsikt mot Trollveggen fra toppen av Romsdalshorn. Foto: Lisbeth Husevåg


Yess! Lisbeth hadde langhelg og va gira på fjelltur. Eg klødde i fingrane etter å starte tradsesongen. Dette var ein perfekt anledning til å lure med seg Lisbeth til Romsdal for å få klatra litt :) Vi reiste opp via Stryn på kvelden for å tilbringe heile lørdagen på Beachen. Dessverre hadde det regna så kraftig siste dagane at det hadde "slått seg" inni bratta. Dei gamle ugåtte prosjekta var meir umulig enn før... Vi baila fra Beachen og tilbrakte resten av dagen med kaffibar og shopping. På kvelden reiste vi mot Romsdal.
Sia Lisbeth aldri hadde klatra i romsdalsfjell før, blei det rett på hornet første dag. Eg hadde ikkje vore der sia eg var på min første klatretur med ICO Statistics. En tur som fortsatt er friskt i minnet og fortjener et eget blogginnlegg snart (om eg skulle klare å finne nokre gamle bilder!). Søndagen låg skyene lavt og eg måtte bevise at i Romsdal får man alltid klatra uansett vær. Slettafossen blei redninga!  På ein solrik og lat dag blei Bjørlo Hålands Memorial Pitch dagens einaste S&D. Eg pådro meg nesten mental knekk når eg måtte velge om eg skulle klatre eller hoppe fra den store steinen og inn i ruta.. Mandagen hadde vi kjørt opp trollstigen i håp om å komme over tåka. Egentlig skulle vi berre ein liten fjelltur på Bispen, Kongen og Dronninga. Vi starta med Trollstigen Fjellstue for å drikke ein kopp kaffi, ete is, og vente til tåka kanskje letta litt. Når kaffikoppen var tom, var også tolmodigheten slutt. Vi baila Trollstigen Fjellsutre og reiste på hornaksla og klatra i sola heile resten av dagen :) Siste dag fikk vi ein knallbra rekreasjonstur opp Drømmediederet på Vengetind. Fyttirakkern så flott rute!!!

Snart på toppen av Romsdalshorn. Foto: Einar Løken

Lisbeth topper ut. Foto: Einar Løken

Lisbeth på vei ned fra Hornet. Foto: Einar Løken

På vei heim Foto: Stein M. Mose

Rypa trykka så lenge at eg nesten kunne tatt den med arma! Foto: Einar Løken

Hornet ja... Foto: Einar Løken

Ein liten tur på 4 første taulengder på Jugoslav. Foto: Einar Løken

Drømmedama på vei til Drømmediederet. Foto: Einar Løken
For ei fantastisk rute! Foto: Einar Løken


Drømmediederet kan også klatrast av team 160cm.. Foto: Einar Løken

Ein klassisk klatreselfie. Foto: Einars utstrakte arm

Vengetind fra vegen. Foto: Einar Løken