For nokre år sia med splitter nye økse og tre skrua i selen va eg på veg til Fatlafossane for å prøve ut litt isklatring. Frå vegen såg vi at isen va heilt kvit og sola sto rett på.. Hadde lite greie på isklatring tydeligvis, so vi fann ut at det sikraste va å køyre heim..
No va det på tide å ta turen igjen og vertfall klatre to første av dei tre fossane i Fatla. Heile turen er litt over 500 hm, med ein del gåing mellom tre 1-2tl fossar.
Med 70m tau rakk vi akkurat opp til fanggjerdet for å sette stand på første fossen.
Andre fossen hadde kjempebra is! Sander kosa seg på led her :-) Etter ein god lunch under tredje fossen blei vi gira skjølv om det var begynt å bli seint på dag. Denne er to taulengder. Den første veldig lett og den andre vedvarande nesten vertikal. Dessverre halvegs i første var eit stort belte med veldig dårlig is som verken eg eller Sander ville klatre... Vi fikk heler bruke dei få minutta som var igjen til å finne ein retur :-) Etter litt om og men, endte vi med rapell samme vei.
Dagen etter blei det ei kveldsøkt på Kaupanger med våre fantastiske Storm hodelykte :-)
Tirsdag blei det ein tur til Jostedalen. Den planlagte fossen var det ikkje forhold på i mildvæiret, so då blei det ein tur på bui å handle litt mat og besøke locals.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar