Instagram
Viser innlegg med etiketten Lofoten. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lofoten. Vis alle innlegg

søndag 15. september 2013

NORTIND spesial: #Lofoten


Det er ikkje gale å ha alpin tindeferd og kameratredning på studieplanen :) To veke i Henningsvær med det fantastiske Kull13 er unnagjort. Med Tindevegledarane Nils og Halvor som instruktøra har vi komt eit steg nærmare nåla!




I forkant av kurset gikk eg og Endre ein nydelig link-up på Presten via Ypperstepresten, Klokkeren og avslutning gjennom Slanting Corner. Nok en gong kan det bekreftast at friksjonen i Lofoten er heilt latterlig bra, og det var greit å få ein dag med kalibrering før kursstart. Dagen etter vart det ein storskotur på Gandalfveggen med Josef.

Ved ein rutinemessig sjekk på yr og storm, oppdaga vi at Endre (utnevnt kurskoordinator) hadde bestillt fint vær. Det var rett og slett lagt inn svært få daga med pedagogisk vær :-) 



I klasserommet som stort sett besto av Paradiset, Rock and Roll ryggen, Presten, Råna, Vågakallen, Alcoholveggen, Geita og Gandalfveggen, fekk vi presentert og utprøvd det skikkelige håndtverket for kurs, føring og redning. No gjeld det berre å komme seg på tur å øve. Det er heimeleksa si det 8-)




Fleire fotografi frå turen kan ein finne på Nils sin blogg (alpineaddiction.no)

søndag 5. august 2012

Lofoten!!


Det er vel første gang på årevis at fergene over til Lofoten har stått i juli. Dette er ikkje bra for den lokale turistnæringa og ikkje særlig bra for klaretilreisande heller. Men nokon finværs daga har det blitt i slutten av denne turen også :D

Standplassarbeid
Bare Blåbær 5- 7tl har vi høyrt er obligatorisk, godt sikra og veldig befolka. På vei innover ein labyrint av råse mot ruta, møtte vi eit taulag som hadde valgt feil rås og etter kvart gitt opp. Ellers hadde dei blitt so desorientert, og utan å vite det hadde kursen rett mot bilane igjen. Vi kom til innsteget med berre eit taulag foran oss, dessverre eit treer lag.. Heldigvis var dette ein hyggelig gjeng som tok med kameraet vårt og knipsa bilder av oss ovenfra :) Takk! Det er ikkje vanskelig å forstå at Bare Blåbær er ein Lofoten klassiker! Vi slo sammen første to lengdene, klatra uttapå diederet (høgrevariant?) i tredjelengda, og gjennom en våt og glatt sjettelengde. Mykje enkel og fin klatring!
   

Ein bryllupsfest og eit par fjelltura etterpå i tåke, vart det ein ny dag med opphold. Endre hadde også tatt turen til Henningsvær, og iløpet av dei siste dagane gått fleire av dei litt hardare rutene i Lofoten. Eg hadde enda ikkje vore på Presten, så då var det på tide. Vestpillaren med original avslutting grad 7 12 taulengder blei dagens bestigning :) Klatringa gikk radig første del, men litt kø før vi gikk ut i original avsluttinga. Trass ei niande lengde som ikkje var heilt innlysande veivalg, og på siste lengda som eg klarte å somle meg for langt opp i mosegrodd og dårlig sikra avsluttning, er dette ei utrulig flott rute. Cruxlengda var virkeleg kremklatring!! Denne ruta er virkeleg verdt topp50 og tre stjerner!

Endre leda stødig gjennom cruxet

Fjelltur og stifinning i Stamsund
Neste dagane endte med bilsafari til Å i vestlofoten. Litt utforsking av klatringa i Kalle, med litt redningstrening for Lisbeth i Paradis (etter å ha brukt litt vel lang tid på å finne veien på alle stiane so føre til ingenting!) Ein liten tur på Lys og Skygge 5+ 2tl på Pianokrakken var en fin kveldstur, men mykje laust fjell til å være på topp 50 lista i Lofoten..

 Vi blei ganske glade for at yr melder bra væir i morra, men når vi står opp til havtåke og regn igjen, gikk turen innom  Lysstøperiet for en kopp kaffe og ein bolle. Etter ein time der, og sjekking av værmelding i Trøndelag, hoppa vi i bilen. Plutselig var vi på Hell å klatra på korte og brutale boltaruter i skjorts igjen :)
En irriterandes flygande greie som bite!

tirsdag 24. juli 2012

Lofoten!


Rapellruta på Svolværgeita
Endelig har vi komt oss nordover til Lofoten :D
 På vei opp stoppa vi på Lisbeth sitt favorittfelt Hell, etterfulgt av ein liten stopp i Flatanger. Hansehelleren var virkelig imponerande! Skulle berre vore flink nok til å kunne klatra 8c+ ruter og hardare :) GPSen tok oss deretter viare til Skutvik kor vi skulle ta ferge. Skutvik viste seg å være meir ein norsk attraksjon med Linda Eide, enn eit fungerande fergeleie for oss som er vand med at ferger går kvar halvtime :-) Rutetabellen viste neste ferge om ca 6 tima.. Då var det berre å hoppe i bilen og køyre viare til Bognes-Lødingen ferga. Dessverre var ikkje været bra nok til at vi såg vårt nasjonalfjell Stetind :(

Diesel fylling
Første klatretur i Lofoten blei opp den obligatoriske Svolværgeita via Framsida 5+ 5 taulengde. Ein kjempefin tredjelengde og forholdsvis effektiv tur bortsett frå nesten to tima kø på returen.. Då var vi allereie begynt på topp50 lista i Lofoten Rock. Neste dagane med variert væir blei ei blanding av bolleeting på Lysstøyperiet i Henningsvær og klatring i Gandalfveggen med Gollum 5 3tl, Gandalf 5 3tl og den kjempefine Guns 'n' Roses 6- 3tl. Seint på kveld gikk vi også Pianohandler Lunds Rute 4+ 5tl. Denne gikk fint å strekke ut i berre tre lengder.
Giganthula på Flatanger
Dette er ei populær nybegynnerrute, noko eg merka når eg endte med å lære ein anna klatrar korlei ho skulle lage standplass midt i ruta :) På returen gikk det ikkje å ungå ein tur opp Tapir 7- 1tl. I toppen står en bolt for å sikre siste vanskelige flytt, men det gikk heilt fint å skippe denne bolten. I dag er det regn, sterk storm og kviledag. I morra blir det kanskje opplett håpa eg!
Berre å trekke på seg den superlette vindjakka fra Rab og kose seg på standplass :-)
Topper ut på Guns 'n' Roses
Grautmekking i bilen før kveldsøkta på Pianoveggen
  

Black Diamond Flash er egentlig ikkje i klatresekk kategorien, men er likevel genial til formålet! Plass til to par anmarsjsko, vindjakke, vatten og mat under klatringa og på vei ned er det berre å stappe heile racket i sekken :-)