Instagram

lørdag 30. juni 2012

Shangri-La

Trange sko!
Etter eit par veke i Sogndal gikk turen nok ein gong til Romsdalen. Denne turen var litt meir målbevisst enn forrige tur. Shangri-La på Hornaksla skulle klatrast. Ruta har ei lett introtaulengde og 7 superfine taulengder med mykje 6 og 6+ klatring, to kjipe svatraverser og et lite takoverheng i nest siste lengda gradert 7. Stort sett godt sikra klatring.

Endre som har vore supergira på denne ruta i vekesvis knyt seg inn for første lengda opp til et fantastisk 6- dieder som eg får nyyte! Med hukommelse som en gullfisk og totalt fravær av avstandssans klarte eg å sette stand litt for tidlig.. Endre kom etter litt oppgitt over standplass på feil plass og ti minutt etter hadde eg ordna stand på riktig plass :-) Endre kruser opp tredjelengda og gjennom første crux 6+/7- etterfulgt av en kjip liten svatravers gradert 6. Etter mi meining var svatraversen mykje verre enn cruxet lenger nede (men så er eg egentlig sportsklatrar og vand til å ha grep å holde i).. Eg fikk gleden av å lede svatraversen i fjerdelengda 6+ og plutselig var vi oppe på førsterampa.

Endre startar på tredjelengda
Etter ei lita transportlengde på Endre og ei lang og fin taulengde på meg var det klart for Endre å lede gjennom taket. Sjølvaste cruxet på ruta. Litt pusting og pesing rundt leppa, så var cruxet gjort. Eg kom etter og tenkte at eit tak og grad 7 skulle gå greit. Da er det vertfall grep å holde i! Men romsdalsgradene er som kjent ikkje snille og eg måtte ta i som f***. Kan skrive under på at det var veldig bra leda av Endre!
Eg fekk gleden av å toppe ut ruta med siste taulengde som plutselig minnte meir om sportsklatring enn om riss og fjellklatring.

Dette er nok den finaste fleirtaulengdesruta eg har klatra til no (og den hardaste :).
Skjølv om det var sterk vind og regn i lufta, var det ikkje noko brems på klatregleda!

Takk for turen Endre!
Endre kruser gjennom første crux og benytter sjansen til ei pissepause før den ekle svatraversen på tredjelengda.
Eg kjem etter på cruxlengda og har akkurat klart å karre meg ut taket. Foto: Endre Vonheim


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar