Instagram

mandag 27. mai 2013

søndagstur på mongejura!

På tur: Endre Vonheim og eg
Tjohoi! Enda ei helg med gode værmeldinga :-) No va det Sydpillaren på Mongejura sin tur! Dette går for å være ei av dei flottaste storveggsrutene i Norge (24 taulengder, grad 6). Planen var å klatre ruta på Laurdagen, men skydekket låg lavt heile Fredagskvelden. Storveggen fikk dermed vente til dagen derpå.. Lørdagen blei dermed gjort om til aktiv kviledag med ein tur på Desserten og Kalle Kamin (Hornaksla), etterfulgt av en kveldstur til Veblungsnes med kjentmann Odd Tokle Sæbø. Sportsklatrepumpen var som fortjent etter ein 30m lang 7b på blikk  :-)


Søndagen var Mongejura tørr og fin, og sekkane pakka og klar :-) Verken eg eller Endre hadde vore på ruta før, så vi var spent på om vi ville finne vegen. Vi hadde høyrt at man fort kan rote seg litt vekk i toppen... 
  Grashyllene i starten gikk vi løpande. "FAEN!!" høyre eg lenger oppe. Endre var tydeligvis forbanna! Nokon hadde lagt ein bæsj midt i linja!?! ..på eit klatregrep!! ...og han klarte sjølsagt å sette hånda rett i dritten! 
Etter iherdig tørking av hånda i mosen vidare oppover, nådde vi etterkvart første 6ern. Endre gikk på, og vi var igang :-) Vi vekselleda det meste av klatringa, og taulengdene gikk i jevnt og behagelig tempo heilt til topps. Veldig mykje fin klatring på denne ruta! (til og med litt sportsklatreflytt på tofinger pockets :-) 
Returen gikk via Mongevatnet og ned Mongehamrane på merka sti.

3 kommentarer:

  1. Fett. Takk for inspirasjonen.

    AA

    SvarSlett
  2. Jeg vet hvem sin bæsj det var.

    SvarSlett
  3. Dårlig stemning å drite på grepa da!

    SvarSlett