Instagram
Viser innlegg med etiketten Hallingdal. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hallingdal. Vis alle innlegg

søndag 16. november 2014

Den kalde fine tida! Kom igjen da!


Skal sei Øyvind Eek kosa seg i Hyggebygda! Foto: Einar Løken
Plutselig var somaren over og første isturen allereie overstått. Skal sei det er kontrast å tilbringe 10 daga på varm kalkstein i Costa Blanca for so å komme heim til oppsøkande isklatring i hyggebygda. Slik er det når man vel å reise 2 tima med bil (inkl. ein fergemiss) frå det som burde være et ismekka på denne tida av året. Det mest nærliggande alternativet var en lang anmarsj til tynn is langt oppi en ås i Hemsedal. Ein fin skrent med fleire artige linjer på eit par taulengder :) Det er jo stas å få svinga øksene litt, så eg håpa vêrgudane kan gi litt kuldegrader slik at vi får meir vinterklatring og ski snart!

Selfie lizzm! Foto: Selfie så klart.
Endre viser stor entusiasme og glede. Foto: Einar Løken



Lisbeth varma opp på Gandia. Foto: Sander Buene
I god norsk stil avslutta Lisbeth, eg, Sigrid og Sander sommaren med ein pansjonistferie til Benidorm. Det var vertfall slik det føltes når eg såg gjennomsnittsalderen i den byen. Man kan jo spørje seg kva land Benidorm eigentleg tilhøyre?! Uansett var det ikkje feil å ha 10 daga med varm kalkstein, vin, skinke og ost. Med utgangspunkt frå Casa Buene reiste vi innom bl.a. Sella, Guadalest, Gandia og min favoritt Bellús. I motsetting til alle dei andre felta vi besøkte var Bellús lite polert, reint og virka nokså nybolta. Veggane var for det meste 20-40 meter og hadde 100-150 ruter hovedsakelig fra 4 til 7c ish. Nokre hardare ruter også, men i hovedsak mykje kjempeflott klatring på dei lettare gradene. Klatring for alle! Neste klatreferie til Costa Blanca blir nok planen å bu nær Gandia for å få kortare køyretur til denne plassen :)

Guadalest var nokså polert, men stilig plass! Foto: Einar Løken

Siesta hindra ikkje damene i litt vindusshopping i klatresjappa. Foto: Einar Løken

Sigrid Henjum støter i Sella. Foto: Einar Løken

Lisbeth varmer fortsatt opp. Foto: Sander Buene
Eg går A la Babilla 7a+, Gandia. Foto:Lisbeth Husevåg
Sander i støtet i Gandia. Foto: Lisbeth Husevåg

En av dei mange stilige linjene i Bellús! Foto: Einar Løken
Litt kulturdag mellom klatredagane må til også ;) Foto: Lisbeth Husevåg
Ellers har det blitt ein heil del tura i sommar som diverre ikkje har blitt posta. Rosablogging og slikt tek jo litt tid, og eg har etterkvart forstått at dei som er absolutt mest på tur har lite tid til slikt ;)

lørdag 22. mars 2014

Nortind spesial: #alpin skiferdsle

Egentlig skulle vi være i Sunndalsfjella, men nei... Partybygda hadde fersk møggl denne veka også. Nortindkurset i Alpin skiferdsle blei flytta og vi måtte køyre i bunnløs snø nok ein gong... Fem fantastiske daga med skikøyring og mykje læring gjorde denne veka til ein av dei bedre denne vinteren :)






mandag 10. februar 2014

NORTIND spesial: #Omegahøgtrykk med møggl


I mangel på snøbør i fokksnøbygda blei snøkjennskap og skredredningskurset flytta til partybygda. Eit særs merkelig værfenomen har ført til møggl på østlandet.. (som også kan være ein ingrediens til god stemning på feil sie av fjellet).
I nortindklasserommet blei det eit intensivt djupdykk i snøens og skredproblemets verden denne veka. Og sjølsagt litt skileik innimellom :)








Siste dag på kurset var det stor skredøvelse.



Etter snø og redningskurset blei det klasseromsbytte. Tempoet blei senka, lanskapet flatare og ranselen pakka med tørka mat og sovepose. Nedoverskia og skiteppa blei bytta med bortoverski og festesmurning. 



Snøhole er undervurdert av dei fleste. Kjapt og enkelt å lage, samtidig som det er behagelig og trygt å sove i. Forbeholdt at ein kan nokre triks! Endre var likevel noko skeptisk tydeligvis. Etter berre ein time søvn starta han å drøyme at snøhola kollapsa. Med eit godt kalibrert overlevelsesinstinkt sklei han (i søvne) som ei åme ned fra brisken og ut gjennom den halvmeter høge snøholeåpninga før han våkna. 


Til info var det like mykje takhøgde morgonen etter som kvelden før ;)