Egentlig skulle vi være i Sunndalsfjella, men nei... Partybygda hadde fersk møggl denne veka også. Nortindkurset i Alpin skiferdsle blei flytta og vi måtte køyre i bunnløs snø nok ein gong... Fem fantastiske daga med skikøyring og mykje læring gjorde denne veka til ein av dei bedre denne vinteren :)
blant dei høgste fjella og djupaste fjordane, der er det alltid god stemning! - Einar Løken´s pudder&pump side -
Alpine Climbing
Austlandet
Bortoverski
Breogfjell
Brevandring
Buldring
Costa Blanca
Downhill
Fjellføring
Fjellklatring
Fjærland
fokksnøbygda
Frikjøring
Gudevangen
Hallingdal
Hemsedal
Houdini Sportswear
Hurrungane
Isklatring
Jostedalen
Jotunheimen
Kjerag
Kjøsnesfjorden
Klatring
Kurs
Lofoten
Luster
Mountaineering
Myrkdalen
Norge
Nortind
Norway
Oppdal
Romsdal
Skei
Ski
Skred
Sogndal
Sotra
Spania
Sport Climbing
Sportsklatring
Stryn
Stølsskitur
Stølstrim
Sunndalsøra
Sykling
Tindevegleder
Topptur
Tyin
Vinterklatring
Våtedalen
Årdal
Viser innlegg med etiketten Kurs. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kurs. Vis alle innlegg
lørdag 22. mars 2014
onsdag 26. februar 2014
frå forblåst til vindstille
Lisbeth på Steindalseggi når vinden var nokså rolig.
Etter Nortindkurset har det stort sett blitt kortreiste tura rundt Sogndal (med ein avstikkar til partybygda). Blant fleire forblåste tura var nok Sogndalsdalen - Fjærland den som utmerka seg mest! Fokksnø er ei mangelvare i denne bygda, så vi må benytte sjansen når den er her! Litt mykje vind denne dagen gjorde framkomeligheita eit knepp vanskeligare enn Frudalshesten som vi var på eit par daga før med Sander og Sigrid. Denne dagen var det ikkje aktuellt å ta av skia for å dra av fellane. Vi ville ikkje risikere at skia tok snrvegen ned med vinden!! Da Lisbeth løfta eine skia slik at eg kunne dra av fella, tok vinden tak og dytta begge to over på feil sie av toppvarden. Det var ikkje so langt frå stupet, og eg hadde ikkje lyst å prøve basehopping for første gang. Det blei kryping tilbake i sikkerhet og forflytting 10 meter nedanfor varden før neste felle skulle av!! Nedkøyringa kunne by på fantastisk fokksnøkøyring i god innsikt heldigvis.
For eit par lørdaga sia blei det også litt skruing av Black Diamond ski. Bratt.no sammen med Black Diamond, Houdini, SGN, Stereo Skis, Faction og eit par andre skimerke arrangerte skidemo i Hodlekve Skisenter.
Dagen etter blei det skiheiskøyring i partybygda. Det er nok første gang i mitt liv eg har reist dit for å finne bedre møggl enn heime! Men ikkje overraskande klarte eg å pådra meg ei ripe i skia denne gangen også...
Borte bra men heime best! Morgentur på blåmandagen og tirsdagen med SOL!! Er nok første dagen denne sesongen med kombinasjon møggl, vindstille og 100% sikt.
På fjellsportfestivalen hadde eg klart å pådra meg ansvaret for redning under freeridekonkurransen. Fikk med meg Endre på laget, så reiste vi på rekognosering med Mølleren som var sikkrehetsansvarlig. Onsdagen skulle vise seg å bli tiårets skidag på Sogndalseggi og vi brukte heile dagen på å klargjere for freeride dagen etter. Dessverre kom været inn tidligare og sterkare enn vi hadde forventa og håpa. Det endte med avlyst konkurranse gitt... :(
mandag 10. februar 2014
NORTIND spesial: #Omegahøgtrykk med møggl
I nortindklasserommet blei det eit intensivt djupdykk i snøens og skredproblemets verden denne veka. Og sjølsagt litt skileik innimellom :)
Siste dag på kurset var det stor skredøvelse.
Etter snø og redningskurset blei det klasseromsbytte. Tempoet blei senka, lanskapet flatare og ranselen pakka med tørka mat og sovepose. Nedoverskia og skiteppa blei bytta med bortoverski og festesmurning.
Snøhole er undervurdert av dei fleste. Kjapt og enkelt å lage, samtidig som det er behagelig og trygt å sove i. Forbeholdt at ein kan nokre triks! Endre var likevel noko skeptisk tydeligvis. Etter berre ein time søvn starta han å drøyme at snøhola kollapsa. Med eit godt kalibrert overlevelsesinstinkt sklei han (i søvne) som ei åme ned fra brisken og ut gjennom den halvmeter høge snøholeåpninga før han våkna.
Abonner på:
Innlegg (Atom)






