Instagram
Viser innlegg med etiketten Fjærland. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fjærland. Vis alle innlegg

mandag 31. mars 2014

Nyastølseggi nordvestryggen


Over ein afterclimb-øl på Sogndal Lodge, klarte eg å lure Roald, Sander og Lisbeth til å bli med på Nyastølseggi. Ein fin rundtur opp fra Berge via Storebotn og ned nordvestryggen til Horpedalen. Nesten 1500 høgdemeter med førsteklasses skikøyring :) Skal sei det vart god stemning!

 




onsdag 26. februar 2014

frå forblåst til vindstille



Lisbeth på Steindalseggi når vinden var nokså rolig.

Etter Nortindkurset har det stort sett blitt kortreiste tura rundt Sogndal (med ein avstikkar til partybygda). Blant fleire forblåste tura var nok Sogndalsdalen - Fjærland den som utmerka seg mest! Fokksnø er ei mangelvare i denne bygda, så vi må benytte sjansen når den er her! Litt mykje vind denne dagen gjorde framkomeligheita eit knepp vanskeligare enn Frudalshesten som vi var på eit par daga før med Sander og Sigrid. Denne dagen var det ikkje aktuellt å ta av skia for å dra av fellane. Vi ville ikkje risikere at skia tok snrvegen ned med vinden!! Da Lisbeth løfta eine skia slik at eg kunne dra av fella, tok vinden tak og dytta begge to over på feil sie av toppvarden. Det var ikkje so langt frå stupet, og eg hadde ikkje lyst å prøve basehopping for første gang. Det blei kryping tilbake i sikkerhet og forflytting 10 meter nedanfor varden før neste felle skulle av!! Nedkøyringa kunne by på fantastisk fokksnøkøyring i god innsikt heldigvis.




For eit par lørdaga sia blei det også litt skruing av Black Diamond ski. Bratt.no sammen med Black Diamond, Houdini, SGN, Stereo Skis, Faction og eit par andre skimerke arrangerte skidemo i Hodlekve Skisenter. 


Dagen etter blei det skiheiskøyring i partybygda. Det er nok første gang i mitt liv eg har reist dit for å finne bedre møggl enn heime! Men ikkje overraskande klarte eg å pådra meg ei ripe i skia denne gangen også...


Borte bra men heime best! Morgentur på blåmandagen og tirsdagen med SOL!! Er nok første dagen denne sesongen med kombinasjon møggl, vindstille og 100% sikt. 

På fjellsportfestivalen hadde eg klart å pådra meg ansvaret for redning under freeridekonkurransen. Fikk med meg Endre på laget, så reiste vi på rekognosering med Mølleren som var sikkrehetsansvarlig. Onsdagen skulle vise seg å bli tiårets skidag på Sogndalseggi og vi brukte heile dagen på å klargjere for freeride dagen etter. Dessverre kom været inn tidligare og sterkare enn vi hadde forventa og håpa. Det endte med avlyst konkurranse gitt... :(



mandag 15. april 2013

skikøyring på melsnipa


Stille før stormen og meteorologane vise pedagogisk vær dei neste dagane. Laurdagen kom til å bli siste dag med sol på ei stund, og den måtte brukast til ein skikkelig topptur!
Fjella i Fjærland med sine store snøflankar vise godt igjen frå ein del av toppane i Sogndalsdalen, og no va det på tide å ta turen over!

Etter ca 1500 høgdemeter og litt klabbeføre i Trollabotn, kunne vi sitte og nyte 360 graders knallfin utsikt frå Melsnipa.


 I frykt for at dette var siste dagen med tørr snø på nedkøyringa, måtte den virkelig nytast :-)

OBS! Det er ikkje berre på ski det er viktig å vurdere rasfaren. Bilvegar er også utsatt for slikt!

onsdag 27. mars 2013

påske i fagre stryn!


Stryn, påske og vintersnø! Sjølv om vinden har herja og ødelagt mykje av dei klassiske nedkøyringane på vestlandet og i Stryn, er det fortsatt mulig å finne noko god snø :-)

Påska starta med ein rekognoseringstur på Skredfjellet i Fjærland etter forelesning.

På laurdag blei det skitur på fortoppen til Rinddalshyrna i Oppstryn



Palmesøndag blei det ein langtur opp mot "Vestlandsdronninga".


Mandag var planen å kunne sjå skispora frå kjøkkenvinduet. Då var Staurinibba og Sundshyrna ei sjølfølge. Frå Staurinibba er ei fantastisk utsikt! Og nedkøyringa frå Sundshyrna var bedre enn forventa :-)

Tirsdag fekk eg i oppdrag å slite ut Erik, så han tok eg med på Holtafjellet og Kyrkjenibba. Kyrkjenibba er ein av klassikarane i Stryn! :-)




I dag var det på tide med ein kviledag etter ca 7000 høgdemeter motbakke dei siste fem dagane :-)