|
Innsteget på Vestveggen |
Puh! Etter to tima anmarsj og nesten framme tenkte eg at anmarsjformen var grei. Vi hadde jo berre ein snøflanke igjen til innsteget på ruta. Det viste seg som antatt at denne var skikkelig seig, og ei god stund etter var vi knytt inn og klar for å klatre. Eg hadde sjølvsagt fått bekrefta at anmarsjformen burde vore bedre!
|
Meg og Endre klar for klyving |
Over oss hadde vi Vestveggen på Store Skagastølstind, 10 taulengde med for det meste femmer og sekser klatring. Eit 6+ og eit 7- opptak. Ser fast og fint ut og etter det vi har høyrt om ruta skal den by på skikkelig og bratt klatring heile veien. Det stemmer :) Gjert og ein kamerat hadde overnatta på Tindeklubbhytta og var allerede komt to lengder opp i ruta når vi var på innsteget. Nesten sosial craggklatring på Vestveggen i dag :)
|
Endre har stappa sekken full i stivsko og kjem i godt driv oppover første lengda. |
|
Eg kjem etter på ei fantastisk lengde! |
|
Klar for cruxet! |
Med ein altfor tung sekk fyllt med stivsko, jakke, vatten og nistepakke fikk eg gleden av å starte klatringa. Kanskje med litt hjelp av mykje snø i innsteget strakk eg første taulengde til andre stand. Mykje interessang laus og våt klatring her for ein sportsklatrar som meg :).. Fjellklatraren Endre rydda klar selen for neste lengde og baksa seg rundt ein våt utriveleg bulk, deretter effektiv klatring til neste stand. Eg kom etter rundt den våte bulken og fekk plutselig lære litt jamming opp dei neste 30 meterane. Dette er nok ei av dei flottaste taulengdene eg har klatra, og eg trudde virkelig ikkje det fantes slik klatring i Hurrungane. Endre sto på standplass og var superfornøgd med å ha fått leda dette, men litt mindre fornøgd med halveis hengande stand. "Kanskje skulle vi hatt med litt større sikringsutstyr likevel?". Neste lengdene var mykje fin og bratt klatring, men med eit solid 6+ crux kor det kom (med god grunn) ein del gloser fra Endre..!
Så var det å manne seg opp til cruxet. Ein liten travers ut fra stand og opp eit liggande dieder som ikkje var det enklaste å forstå seg på. Vel oppe på hylla etter en og annen pause dessverre, kunne vi velge mellom to antagelig våte lengder på femmertallet og ein enkel topplengde, eller utstegsvarianten som går halveis opp første av desse og enkel fjellklatring ut til høgre. Det blei utstegsvarianten denne gangen, så blir det nok dei to femmerlengdene ved neste besøk i Vestveggen. Om ikkje lenge håpa eg!
På returen fekk eg t.o.m. bekrefta at returformen er som anmarjformen. Dette må eg gjere noko med før neste tur! Bonusen denne gangen var fine snøflankar på mykje av returen :)
Takk for nok ein fin tur Endre!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar