Instagram

onsdag 20. juni 2012

Romsdal!!

Freistar ikkje akkurat med anmarsj på andre sia av dalen i dag!!!
Yr melder møkkavæir men det var ingen hindring denne veka. Turen går rett til Romsdalen eller nærmare sagt Isfjorden kor fantastiske Romsdal Lodge held til. Eit koselig lite hus som passar perfekt til helger eller lengre klatre/skiopphold i Romsdal/Isfjorden om man reiser en liten gjeng på tur. Her skulle dei neste dagane tilbringast :D

Grilling på Romsdal Lodge
Planen var ca annakvar dag med trad og sport. Torsdagen pisseregna det på Åndalsnes, da reiste vi til Slettafossen å klatra i sol! Med superstiv nakke vart det ikkje gått meir enn Da jeg vog 50 og ei anna rute som ikkje var navn på i oppdateringane til romsdalsføraren.

Fredagen våkna vi til sol, så da vart det en tur på Hornaksla. Her fekk vi gått to klassikarar Lava 5+ og første fire taulengdene på Jugoslavruta 5+. I fjor raste innsteget på Jugoslav ut, så nå har det dukka fram eit superfint riss i starten. Dette har vel blitt litt vanskeligare enn resten av disse fire taulengdene. Men veldig godt sikra!


Lørdag blei det cragging på Mjelva. Slyngene hang klart på Ulravold 8+\9-, så det blei eit par støt på denne. Fant beta, men blei ikkje sending denne turen.

Bjørn inspiserer eine standplassen på Lava

Søndag blei det hornaksla igjen, da med en tur på Desserten 6+. Fantastisk rute! Eg fekk pest meg opp første lengda, og Bjørn fekk bevist at han klatra like hardt på kila som på bolt på andrelengda.
Etter dette foreslår Bjørn en tur opp Kalle Kamin 5- og eg tenker at det skal vel gå greit. Bjørn har gått denne tidligare og insisterte på å ta førstelengda skjølv. Jaja... Offwith, mosegrodd og alternative sikringsmetoder og Bjørn som sitter på standplass og humrer og ler for seg skjølv mens sportsklatraren får lært litt fjellklatring. Dagens avslutting blei på Bochveggen med ruta Bjørns sult 6 Kjemperute, men hadde så vont i tåa ett klatreskoa, så endte med å perse på kila i joggesko.



Ein mandag på Forsamlingshuset blei løysinga på nok ein dag med regn. Eit av dei få klatrefelt som må rapellerast ned den enklaste av rutene på anmarsjen og retur samme veg. Mange fine lettare ruter her, men veldig bråkete sia veggen ligg nærme elva.

Takk for turen Bjørn!
Bjørn med en Camalot C4 #4 på Lava ;-)

Eg prøva å gå Ultravold på Mjelva..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar