Shit så fort mai gikk! Først to veke med klatring, jogging og bacharstige. Det er jo på tide å klare meir enn 8 pullups!! Så gikk turen til Bergen og Sotra for litt praksis mot klatreinstruktør utdanninga i klatreforbundet. Et kameratredningskurs med Jarle og et Grunnkurs ute med Johanne, da var plutselig 5 av minimum 6 praksisdaga i boks :) Været var supert for desse kursa, men katastrofalt for klatringa. Første dag i Loddefjord fekk eg gått klassikeren
Grønn var min barndoms salat 7b i andre forsøk og det ble egentlig med denne. Sikra Jarle på
Matrialtretthet og forlengelsen et par ganga. Material blir vel ruta eg skal henge på neste gang eg kjem til Loddefjord. Etter andre kursdag, med skallebank og en passe dehydrert kropp reiste vi på Syltøyveggen for litt trimming. Mens bergensarane hoppa i havet for nedkjøling, sleit eg meg opp
Titanofestivalen 7b+, ei rute eg tok litt lett på i on-sight forsøket en mnd tidligare. No gikk den lett som en leik :) Klatredagen endte med ein campusøkt inne i Bergen og et forsøk på pullups pers etter at Jarle som fleire andre, meinte eg burde klare minst 10stk lett.. Vel etter 6stk sleit eg og etter 9 var eg kjørt... Svekling!
|
Kusleder Johanne observerer og veileder |
Ein snartur tilbake til Sogndal for et par daga med jobbing, innkjøp av nye Tendon klatretau og eit par Camalots som mangla i racket og ikke minst hente min bedre halvdel Lisbeth til klubbsamling på Sotra. Fy f*** så mange fartsboksa det er mellom sotra og sogndal! Greit med mange tunnella men der er 16 fartsboksa!?.
Plutselig var vi tilbake på Sotra og innlogga på ein sogndalsokkupert camping i Møvik. Neste dagene blei tilbrakt på bl anna Jesusveggen og Ørnanipa etterfulgt av en liten time med sportskaltring etter kurset på Sageveggen som ligg fint i skyggen. Fikk endelig en on-sight på en norsk 7b+
Lær meg å leve. Det var artig, men med en god mistanke om at denne er ganske lett for graden.. Ellers blei det stang inn på
Wonderbaun 7b og
Klæssetryne 7b også.
|
Lunch etter gjennomgang av sikringsmidler |
Tilbake i Sogndal er det rett tilbake til treninga og jogginga. Etter nokre joggetura innser eg at formen har blitt bedre og dessverre at kneet som smalt i Chatouvert for nokon år sidan faktisk ikkje er noko betre no... Det kjennest ut som menisken ikkje har det spesiellt bra inni der... Eg får legge jogginga på hylla i nokre daga å prøveigjen seinare.Siste veka har blitt dedikert til Kvam og faktisk sektorar eg aldri har vore på før. Kvam inneheld over 200 ruter og mykje av det med veldig god kvalitet. Etter ein dag på sektor Utsikten kunne eg ta med heim min første 7b on-sight på sva :) Det blei stang inn på ein klar klassiker
Gammalmannsklatring. På kvelden blei det persing med 13 pull-ups :)
Litt trimming på langtidsprosjekta på Midtre og ein dagstur til Karakush i Stryn med Ole Karsten kor eg varma opp og gikk
Rein-gjøring 7c i andre forsøk. Denne ruta prøvde eg å sighte for ca et år sia, så det føltest ganske som ein flash i år :) fornøgd med det. Dogga opp Ole Karsten sin
Fjellkurslederen 8a og var bittert nærme å gå den i andre forsøk. Falt av på supergode jugs over alt det vanskeligste TO ganger! Så j*** irriterende!!
|
Litt kviledagsmorro med stisykling på Kaupanger. Her er Lisbeth i farta! |
Pullups, pushups, sittups++ og mengdetrening på kvam. For variasjonens skyld prøvde eg sogndals mest kjente link-up
Tørr Faen 8a der første halvdel er i
Leoline som eg har jobba mykje med i sommar og klassikaren
Faen i Helvete som eg har gått fleire ganga tidligare. Betaen var med andre ord virkelig perfeksjonert så ruta ble sendt i samme forsøk.
Eit par tima etter blir venstre skuldera heilt merkelig. Kva skjer?? Det stråla ned til albuen og opp i bakhovudet. Nokon tima til går, så er øverste venstredel av ryggen og nakken heilt stivna. Etter litt trykking bakpå ryggen fann Lisbeth triggerpunktet som satt nokså dypt og ganske nærme ryggrada. No er ikkje eg noko kiropraktor, men det virka som om det er inne på Rhomboideus som igjen vil seie at det ikkje er i ryggen problemet sitt. Denne muskelen bevegar skuldera...Planen var å klatre på Karakush i dag, men etter ein liten tur på Beachen med topptauing der eg såvidt klarte å gå Nøtteliten 6a og to nesten søvnløse netter blei det ein kviledag med tid til blogging.. Snakk om å bli satt tilbake iløpet av kort tid! Men dette er vel prisen for å plutselig begynne med mykje trening og ikkje trene nok stabilisering og skadeforebyggande. Øvelsane som ikkje er så veldig motiverande å trene...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar