Instagram

søndag 28. juli 2013

nortind spesial!


Eit av dei største måla for i år er gjennomført :-) I mars sendte eg søknad og loggbok til Nortind i håp om å bli teken opp til tindeveglederkvalifiseringa. Å få godkjent skiopptaket og klatreopptaket var utruleg kjekt! :-) No er første kurset i verdiforankring og naturkjennskap over, med ei knallbra veke i Dumdalen og Sognefjellet :-)


Opptakets forløp
Etter opptaket har vi blitt ein kjempefin liten gjeng på kullet. Men eg skulle heilt klart likt å sett alle dei andre deltakarane på opptaket vidare også. For nokre fantastiske folk!!
  På første opptaket skulle skiferdighetane bli satt på prøve i fire daga. Eg er glad eg har køyrt litt kortsving før for å seie det sånn :) Det er heller ikkje kvar dag eg får direkte tilbakemeldinga på min skiteknikk. Takka være veiledarane og ikkje minst Amund sin kunnskap, blei dette for meg ei knallbra samling!



"Det du bør forberede deg på, er stivstøvelklatring på våt og løs og gromsete og jævlig fjell!!". Rett som det var, fikk Roald og oss andre kose oss med alpin vinterklatring i høgfjellet. Dagen etter kunne Endre rapportere om laust fjell, og Josef imponera med bratt Hornakslaklatring på svært våte forhold. Å ta med vatnflaske i sekken er jo oppskrytt, man kan jo bara drikke rett frå fjellet når tid som helst :)

"Slapp av! Stivsko ække noe stress. Er man sportsklatrer klarer du lætt å dra gjennom på crimpene som ingen andre finner". Som sportsklatrer er dette også en oppmuntring eg har fått. Det kan vel på sett og vis fungere på sportsklatretestane med stivstøvler og mursteinsekk det... :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar