Instagram

lørdag 18. mai 2013

tradstart i Romsdal


På tur: Johanne Broch Hauge og meg
Då va endelig tradsesongen igang :) Klatromobilos e nokre kilo lettare uten ski, og tilsvarande tyngre med klatrestash og montert seng for årets klatresommar!
Etter å ha plukka opp Johanne på Turtagrø, reiste vi mot Romsdal for å sjå om stemninga va like god som i Sogndal.
Med to daga + ein promille tilgjengelig, kalibrerte vi til "romsdalsgrader" med en kveldstur på Slettafossen, etterfulgt av Jugoslav til førsterampa og Lava dagen derpå.




På Lava kom regnet, som etterkvart utvikla seg til frisk bris og bøttevis med regn idet vi nådde førsterampa... Alt var gjennomvått, og sjøl med 2 sekka grillkull og 2 flaske tennveske i bilen, konkluderte vi at kinamaten i Åndalsnes ville smake best!
Med anstendig bekledning på resturang, møtte vi ei lokalheltinne som bydde på overnatting og tørking av klær. Soklart kunne vi ikkje takke nei til slikt eit godt tilbud :)

Før heimreise blei det joggeskoklyving på diverse Norafjellruter og hangaroundvirksomhet ved hornaksla. Altfor god stemning her gjorde at vi ikkje rakk tilbake over sognefjellet før nattestenginga..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar