Instagram

torsdag 28. februar 2013

ein innandørs februar..

Februar har verkeleg vore fantastisk! 2 veke stillesittande eksamen og over ei veke med hosting og sjukdom. Og det merkelege...., er å skrive om viktigheita av fysisk aktivitet... Det er absolutt tryggare å være ute å leike! :-)

I skrivepausane blei det nokre korte puddertura i finværiret på Svarteholten, Togga og Tylderingen.
Etter levert oppgave var det rett på Frudalshesten :-) Dette er nok den mest bråkete turen i Frudalen nokon gong! Det var to daga før fjellsportfestivalen og motorbelterottene var på plass i dalen... Blei uansett første gong på fleire år eg har hatt første spor i nysnø og SOOOL ned fra dette fjellet :-) (Takk Mr. Haslestad og kursgruppa di for heilt fantastiske spor på veg opp :-) 



Dagen etter var det overskya i Sogndal og bilen endte i Luster for å køyre litt tørr urørt pudder! Ingen motorbelterotte, ingen vind, sol og tørr snø :-)




Utesessongen på Kvam starta denne veka også for min del :-)