Det er vel første gang på årevis at fergene over til Lofoten har stått i juli. Dette er ikkje bra for den lokale turistnæringa og ikkje særlig bra for klaretilreisande heller. Men nokon finværs daga har det blitt i slutten av denne turen også :D
|
Standplassarbeid |
Bare Blåbær 5- 7tl har vi høyrt er obligatorisk, godt sikra og veldig befolka. På vei innover ein labyrint av råse mot ruta, møtte vi eit taulag som hadde valgt feil rås og etter kvart gitt opp. Ellers hadde dei blitt so desorientert, og utan å vite det hadde kursen rett mot bilane igjen. Vi kom til innsteget med berre eit taulag foran oss, dessverre eit treer lag.. Heldigvis var dette ein hyggelig gjeng som tok med kameraet vårt og knipsa bilder av oss ovenfra :) Takk! Det er ikkje vanskelig å forstå at Bare Blåbær er ein Lofoten klassiker! Vi slo sammen første to lengdene, klatra uttapå diederet (høgrevariant?) i tredjelengda, og gjennom en våt og glatt sjettelengde. Mykje enkel og fin klatring!
Ein bryllupsfest og eit par fjelltura etterpå i tåke, vart det ein ny dag med opphold. Endre hadde også tatt turen til Henningsvær, og iløpet av dei siste dagane gått fleire av dei litt hardare rutene i Lofoten. Eg hadde enda ikkje vore på Presten, så då var det på tide. Vestpillaren med original avslutting grad 7 12 taulengder blei dagens bestigning :) Klatringa gikk radig første del, men litt kø før vi gikk ut i original avsluttinga. Trass ei niande lengde som ikkje var heilt innlysande veivalg, og på siste lengda som eg klarte å somle meg for langt opp i mosegrodd og dårlig sikra avsluttning, er dette
ei utrulig flott rute. Cruxlengda var virkeleg kremklatring!! Denne ruta er virkeleg verdt topp50 og tre stjerner!
|
Endre leda stødig gjennom cruxet |
|
Fjelltur og stifinning i Stamsund |
Neste dagane endte med bilsafari til Å i vestlofoten. Litt utforsking av klatringa i Kalle, med litt redningstrening for Lisbeth i Paradis (etter å ha brukt litt vel lang tid på å finne veien på alle stiane so føre til ingenting!) Ein liten tur på Lys og Skygge 5+ 2tl på Pianokrakken var en fin kveldstur, men mykje laust fjell til å være på topp 50 lista i Lofoten..
Vi blei ganske glade for at yr melder bra væir i morra, men når vi står opp til havtåke og regn igjen, gikk turen innom Lysstøperiet for en kopp kaffe og ein bolle. Etter ein time der, og sjekking av værmelding i Trøndelag, hoppa vi i bilen. Plutselig var vi på Hell å klatra på korte og brutale boltaruter i skjorts igjen :)
|
En irriterandes flygande greie som bite! |