|
Skal sei Øyvind Eek kosa seg i Hyggebygda! Foto: Einar Løken |
Plutselig var somaren over og første isturen allereie overstått. Skal sei det er kontrast å tilbringe 10 daga på varm kalkstein i Costa Blanca for so å komme heim til oppsøkande isklatring i hyggebygda. Slik er det når man vel å reise 2 tima med bil (inkl. ein fergemiss) frå det som burde være et ismekka på denne tida av året. Det mest nærliggande alternativet var en lang anmarsj til tynn is langt oppi en ås i Hemsedal. Ein fin skrent med fleire artige linjer på eit par taulengder :) Det er jo stas å få svinga øksene litt, så eg håpa vêrgudane kan gi litt kuldegrader slik at vi får meir vinterklatring og ski snart!
|
Selfie lizzm! Foto: Selfie så klart. |
|
Endre viser stor entusiasme og glede. Foto: Einar Løken |
|
Lisbeth varma opp på Gandia. Foto: Sander Buene |
I god norsk stil avslutta Lisbeth, eg, Sigrid og Sander sommaren med ein pansjonistferie til Benidorm. Det var vertfall slik det føltes når eg såg gjennomsnittsalderen i den byen. Man kan jo spørje seg kva land Benidorm eigentleg tilhøyre?! Uansett var det ikkje feil å ha 10 daga med varm kalkstein, vin, skinke og ost. Med utgangspunkt frå Casa Buene reiste vi innom bl.a. Sella, Guadalest, Gandia og min favoritt Bellús. I motsetting til alle dei andre felta vi besøkte var Bellús lite polert, reint og virka nokså nybolta. Veggane var for det meste 20-40 meter og hadde 100-150 ruter hovedsakelig fra 4 til 7c ish. Nokre hardare ruter også, men i hovedsak mykje kjempeflott klatring på dei lettare gradene. Klatring for alle! Neste klatreferie til Costa Blanca blir nok planen å bu nær Gandia for å få kortare køyretur til denne plassen :)
|
Guadalest var nokså polert, men stilig plass! Foto: Einar Løken |
|
Siesta hindra ikkje damene i litt vindusshopping i klatresjappa. Foto: Einar Løken |
|
Sigrid Henjum støter i Sella. Foto: Einar Løken |
|
Lisbeth varmer fortsatt opp. Foto: Sander Buene |
|
Eg går A la Babilla 7a+, Gandia. Foto:Lisbeth Husevåg |
|
Sander i støtet i Gandia. Foto: Lisbeth Husevåg |
|
En av dei mange stilige linjene i Bellús! Foto: Einar Løken |
|
Litt kulturdag mellom klatredagane må til også ;) Foto: Lisbeth Husevåg |
Ellers har det blitt ein heil del tura i sommar som diverre ikkje har blitt posta. Rosablogging og slikt tek jo litt tid, og eg har etterkvart forstått at dei som er absolutt mest på tur har lite tid til slikt ;)