Instagram

onsdag 27. mars 2013

påske i fagre stryn!


Stryn, påske og vintersnø! Sjølv om vinden har herja og ødelagt mykje av dei klassiske nedkøyringane på vestlandet og i Stryn, er det fortsatt mulig å finne noko god snø :-)

Påska starta med ein rekognoseringstur på Skredfjellet i Fjærland etter forelesning.

På laurdag blei det skitur på fortoppen til Rinddalshyrna i Oppstryn



Palmesøndag blei det ein langtur opp mot "Vestlandsdronninga".


Mandag var planen å kunne sjå skispora frå kjøkkenvinduet. Då var Staurinibba og Sundshyrna ei sjølfølge. Frå Staurinibba er ei fantastisk utsikt! Og nedkøyringa frå Sundshyrna var bedre enn forventa :-)

Tirsdag fekk eg i oppdrag å slite ut Erik, så han tok eg med på Holtafjellet og Kyrkjenibba. Kyrkjenibba er ein av klassikarane i Stryn! :-)




I dag var det på tide med ein kviledag etter ca 7000 høgdemeter motbakke dei siste fem dagane :-)

torsdag 21. mars 2013

aktivitetsmålar på skitur

Forrige veke hadde eg gleden av å bære ein aktivitetsmålar i forbindelse med masterutdanninga. Etter ei nokså vanlig finevæirsveke kan eg bl.a. sjå om eg oppfylle Helsedirektoratets anbefalinga om daglig fysisk aktivitet. Anbefalingane er at voksne bør være moderat fysisk aktive i til saman 30 minutt kvar dag, eller i gjennomsnitt 3,5 tima i løpet av ei veke.
Mi veke besto stort sett av ski og klatring!

Mandag blei det berre eit par tima buldring. Tirsdag blei det frukosttur i Frudalen med 700 høgdemeter. Etterfulgt av 2 tima buldring på kvelden. Frukosttur blei det også på Onsdag, med tur på Grånipa (ca750hm)

Torsdag hadde Ole Karsten invitert på pizza og ølsmaking på Leikanger. Med fint vær var det likegreit å springe frå Hodlekve til Leikanger med Olav :-)


Fredag var det dagstur til Stryn på besøk til doktorn. Han sa eg va frisk som ein fisk! På vei inn fjorden såg Skåla knallfint ut, så då blei det ein ettermiddagstur for å sjekke om doktorn hadde rett. Skåla byr på 1800 høgdemeter skikøyring, Norges lengste samanhengande motbakke (Aftenbladet) og er rekna som høgste fjellet i Norge med foten i sjøen (skaala.no).

 Snø heilt ned til bilen gjorde turen litt lettare enn vanlig, men brøyting i ankelhøgde åleine gjorde den litt tyngre enn vanlig også. Det er tross alt 1800 høgdemeter! Etter brua låg ein del vindtransportert snø (vest/nordvesthelling). Følg eg sommarruta må eg innom eit lite heng i samme himmelretning som samtidig er terrengfelle frå den lisje toppen på høgreside. Denne hadde sannsynligvis samla so mykje snø at eg ikkje ville inn der i dag. Sporet blei derfor lagt litt høgt på vei inn for å kjenne på snøen for nedkøyringa. Forholda var heilt fantastiske! Min beste skitur på Skåla hittil rett og slett :-)

Laurdag skulle eigentilg tilbringast på Beachen i hyggeleg selskap med Olav og ein gjeng frå Sogndal, men været var ikkje bra nok. Det blei vendereis og ein restitusjonsdag med heiskøyring i Heggemyrane.


Søndag var overskya og sterk vind. På slikt væir pleie det ofte å være opplett på Skei og i Stardalen. Eg og Lisbeth fant god snø og fint vær med vind på kortturen Olahansfjellet på Skei (ca700hm) :-)


Så er spørsmålet. Har aktivitetsmålaren fått med seg at eg har gått på ski og buldra denne veka?? Tja... Det er jo ikkje noko vitenskapelig testing bak dette. MEN artig er det likevel at mykje av bilturen frå Sogndal til Stryn vart rekna som lett aktivitet, og ikkje stillesittande som det eigentlig er. Det seie kanskje noko om vegstandarden også?? Å gå ein topptur på Skåla med sekk og brøyting store dela av veien var ein blanding mellom lett og moderat aktivitet, ikkje høg. Lørdagen med heisbasert skikøyring var den einaste dagen eg ikkje oppfyllte anbefalingane i følge akselerometeret. Ellers var eg godt over anbefalingane tydeligvis :-)


Veit no ikkje heilt om dette er rette måten å måle aktivitetsnivået på ski og topptur nei :-)

mandag 11. mars 2013

vorfjellet, nystølsfjellet og gudevangen

Søndagstur på Vorfjellet. (Gaupne) På tur: Lisbeth og meg

Ei god veke med flotte tura måtte avsluttast med sol og god snø. Vi tok turen til Gaupne, og bygda sin næraste topp hadde eg aldri vore på før. Vorfjellet var ikkje so bratt, men hadde 10cm fin styresnø :-)


Nystølsfjellet via Togga (Sogndalsdalen) På tur: Lars Ole Gudevang, Ole Karsten Birkeland, Asbjørn Moe og meg

Ny rundtur i Sogndalsdalen er alltid kjekt! Opp klassiske Togga, viare forbi Omnane og over ein litt smalare rygg til Nystølsfjellet. Nedkøyringa mot Laugadalen har eg sikla på fleire gonga, men har aldri blitt til at eg har køyrt ned denne før no.


Isklatring i Gudevangen På tur: Øystein Stangeland og meg

Gudevangen er sinnsykt tøft! Mange lange linje, kort anmarsj og bratt klatring. Torsdag blei det tidlig opp, men ikkje tidlig nok. Dessverre ikkje optimale isforhold, så det blei med 5 lange taulengde i sprø is.. Totalt er Kjerrskredkvelven nesten 900 meter med nokså bratt klatring i øverste halvdel.


mandag 4. mars 2013

kyrefoss i årdal

På tur: Endre Vonheim og eg.
Plana om klatring i Hemsedal fungera dårlig når fjellet er stengt og skredfaren høg. Det er bra vi har Årdal som nærmaste nabo :-) Med ein bilsafari i området, blei vi einig om at Kyrefoss over byggefeltet i Årdal passa bra. Kyrefoss bøy på 5 taulengde med artig klatring :-)